Sport | 02. aug. 2009

Historisk siger til Kjersti

Kjersti Tysse Plätzer har som første kappgjengar vunne kongepokal i friidrett.

Historisk siger til Kjersti
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 02. aug. 2009 17:48

Andreas Thorkildsen fekk kongepokal etter å ha kasta 88,55 meter og sett meisterskapsrekord i spyd. Kjersti konkurrerte med lengdehoppar Margrethe Renstrøm om kvinnene sin kongepokal, og stakk av med ein historisk siger.

Kappgjengarane kom nemleg først i vår inn som fullverdige medlemmar i friidrettsforbundet, og allereie ved første sjanse stakk Kjersti av med den gjeve pokalen.

– No er eg veldig rørt. Eg har tårer i auga, og eg er veldig stolt, skreiv Kjersti Tysse Plätzer i ei tekstmelding til NTB, ifølgje bt.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.