Ordførar Søviknes mister etter alt å døma jobben på tysdag, rådmann Fotland får ny tittel. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Historisk: Siste møte i Os kommunestyre

Gårsdagens møte var truleg det siste. Sånn blir konstitueringsmøtet i neste veke.

image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Møtet i Os kommunestyre i går var truleg det siste. Nokosinne. Neste møte, tysdag om ei veke, er konstituerande møte for dei 35 frå Os og Fusa som blei valt inn til Bjørnafjorden kommunestyre.

– I tillegg er det sett opp eit møte for Os kommunestyre 26. november, men dette blir truleg ikkje halde, sa avtroppande ordførar Terje Søviknes (Frp) då han innleia møtet i går.

Ei sak om godkjenning av detaljregulering på Hjelle, som har vandra i systemet i tre år, blei utsett fordi det ikkje har vore innom eldrerådet eller rådet for folk med nedsett funksjonsemne. Det aukar sjansen for at det likevel blir eit møte i november.

Gårsdagens møte var uansett det siste før konstituering av nytt kommunestyre i ny storkommune - og det siste før avskjedsfest i Oseana 15. november.

Les meir om konstitueringa nedst i saka.

Vemod av Terje og Terje 

Søviknes, som i kraft av å vera leiar for fellesnemnda skal leia starten på konstitueringsmøtet, synest det var spesielt å styra ordet i går.

– Eg kjenner litt på det at det går mot slutten, både for Os som kommune, og for min eigen del, fem periodar som ordførar.

Søviknes har leia over 100 kommunestyremøter (6-7 i året frå 1999 til 2019).

Møtet i går var elles ikkje prega av avskjedsstemning, det var eit ekstraordinært møte for, i hovudsak, å behandla behov for auka prosjektramme til politistasjon på Moberg (med 12 mill til 72 mill) og Borgafjellet barneskule (med 80 mill til ny ramme på 290 mill). Begge blei vedtatt, diskusjonen kjem vi tilbake til.

Men det var òg ein annan Terje, Terje Sperrevik, som såg ut til å kjenna på at det snart er over for Os kommune. Han takka administrasjon og politikarkollegaer for måten arbeidet med samanslåinga har gått, at prosjektet var som eit forbilde, og at han trur 2020 kjem til å bli bra. Sperrevik sit i Os for TvS, men er valt inn vidare for Sp. Viss gårsdagens møte blei det siste, var det siste for Tverrpolitisk samlingsliste, og siste for Venstre på minst fire år.

Brørne Bjoarvik for første og siste gong

Mor og dotter Laila og Nathalie Reiertsen (begge Frp) var i møte saman, kanskje for siste gong på ei stund, sjølv om Nathalie akkurat kom med som siste vara for Frp i Bjørnafjorden.

Brørne Oddgeir Bjoarvik (Frp) og Arne Bjoarvik (H) var i kommunestyret saman for første gong.

– Eg har vore i plan- og bygningsutvalet som vara før, men ikkje i kommunestyret, fortel Arne, som òg er vara vidare i ny kommune.

Oddgeir har vore fast medlem dei siste 12 åra, men synest det er like greit at han er vara i komande periode.

– Tre periodar er lenge. No får eg betre tid til både jobb og fotball, seier den ivrige Lysekloster-supporteren.

Sånn blir konstitueringa

Tysdag 29. oktober skal kommunstyret for Bjørnafjorden konstituera seg.

• Her er dei 35 medlemmane som blei valt inn - og som skal stilla

– Prosedyre for konstituering er regulert av både kommunelova og inndelingslova, sidan dette er kommunesamanslåing, seier Søviknes, som både er medlem av nytt kommunestyre og leiar i fellesnemnda.

Sistnemnde rolle gjer at han styrer starten på møtet.

Sak 1 er å godkjenna valoppgjeret, altså valresultatet og fordeling av mandat. 

Så skal det veljast 9 medlemmar til formannskapet. Ein av dei 9 medlemmane blir av nytt kommunestyre valt til ordførar, ein annan til varaordførar.

Ny ordførar overtar så leiinga av møtet.

• Les òg: Trine Lindborg (Ap) blir ordførar i ny kommune

I tillegg skal reglement og rammevilkår for folkevalde bestemmast, ei forskrift som skal på høyring.

Det skal òg veljast 5 medlemmar til kontrollutvalet, 9 til plan og bygg, 9 til tenesteutvalet og 4 delegat til KS.

– Byvekstavtalen, som vi la til side før sommaren, skal opp til forhandling igjen. Derfor skal vi òg velja nytt forhandlingsutval.

Rådmannen får ny tittel

I oktober 2017 blei Christian F. Fotland og Nils Petter Borge tilsett som rådmann og assisterande rådmann i komande Bjørnafjorden kommune.

Tysdag skal nytt kommunestyre behandla sak om endra tittel til kjønnsnøytrale kommunedirektør og assisterande kommunedirektør for dei to elles så maskuline karane.

Kommunedirektøren skal så legga fram sitt forslag til budsjett for Bjørnafjorden kommune.

Dette skal ikkje behandlast i møtet, men kan gi det nye kommunestyret litt luft i luggen frå start.

 

Fleire saker