Sport | 07. feb. 2019

Historisk VM-gull til Sverre!

Sette ny norsk rekord og vann VM 5000 meter framfor mange osingar på tribunen i Inzell!

Sverre Lunde Pedersen, her i oppvarming, gjekk nettopp i mål i Inzell. (Mobilfoto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 07. feb. 2019 18:25

Bildeserie:

(Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
(Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
(Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
(Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
(Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
(Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
(Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
(Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
(Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
1 av 8
(Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
(Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
(Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
(Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
(Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
(Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
(Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)

Sverre Lunde Pedersen har nett gått inn til 1. plass på 5000 meter i VM enkeltdistansar.

I nest siste par, mot russiske Danila Semerikov, suste han i mål på 6.07,167 og tok teten og slo Sven Kramer med heile 5,26 sekund!

Dermed slo han både sin eigen personlege rekord frå Salt Lake City i desember 2017 (6.0761), og sette ny norsk rekord og ny banerekord.

Dette er dessutan Noreg sitt første VM-gull på distansen nokosinne!

Det er også Sverre sin første internasjonale meisterskapssiger sidan han (to gongar) blei verdsmeister allround for junior.

Han opna litt roleg, så kom 28,99 som første rundetid, 28,8 på neste og klatra forbi Sven Kramer på tredje runde. Så auka han på, sleppte seg laus, hadde fleire rundar under 29 og nordmennene reiser seg på tribunen!

«Dette er verdsklasse, eg får gåsehud (....) dette er eit av dei beste skøyteløpa som nokosinne er gått» sa NRK-kommentatorane.

På tribunen sat over 20 osingar, 18 av dei reiser samla, og heia Sverre i mål.

– Det er ein draum som går i oppfylling! Eg er veldig nøgd, spesielt med måten eg gjer det på, seier Sverre etter at det blei klart at tida heldt til gull.

Regjerande europameister Sven Kramer leia før Sverre kom på isen.

Han gjekk i par 7 mot Davide Ghiotto, og overtok med 6.12,531 toppen etter Ted-Jan Bloemen, som med 6.13,795 i andre par gjekk i tet.

Spennande til siste tre rundar

I siste par venta nederlandske Patrick Roest og tyske Patrick Beckert.

Roest vann verdscupopninga, kom på 3. plass (bak Sverre på 2. plass) i andre verdscup og 2. plass (Sverre på 4. plass) i 4. verdscup. Beckert har to 4. plassar som beste resultat i verdscupen, begge mens Sverre har tatt 5. plass.

Han opna betre enn Sverre, men etter å ha passert halve løpet byrja han å tapa runde for runde. Etter fem minutt var han bak, og tydelegvis tom for krefter.

Roest gjekk inn til 2. plass heile 4,53 bak Lunde Pedersen.

Kramer landa på 3. plass, Alexander Rumyantsev, som ligg eitt poeng bak Sverre samanlag i verdscupen, gjekk i par 8 mot Bart Swings, tok ein førebels 2. plass, men landa altså på 4. plass.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.