Lokal | 24. mai 2018

Hjartestartar aleine redder ikkje liv

Stor oversikt over hjartestartarar i Os. Men dei reddar ikkje liv aleine, det har dei 108 deltakarane på Røde Kors sine kurs dei siste vekene lært.

Ane Ingeborg Bakken, Ivar Nilsen og Henrik Daniel Skaalvik demonstrerte HLR i kombinasjon med hjartestartar på kurset i Hegglandsdalen onsdag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 24. mai 2018 08:38

I samband med den Internasjonale Røde Korsdagen 8. mai inviterte Os Røde Kors til tre-timars kurs i grunnleggande førstehjelp på sju ulike plassar rundt i kommunen.

– Vi har hatt eit godt samarbeid med ungdomslaga rundt i krinsane som har stilt med lokale, medan vi har stått for kursa. Det har gjort at vi har nådd godt ut. Så vidt eg veit er vi det einaste lokal-laget i Hordaland som gjer det på denne måten, kor vi tek kursa ut til folket, fortel Kristian Strønen i Os Røde Kors.

108 osingar har fått auka kunnskapen

Heile 108 osingar har gjennomført kurset når Røde Kors i kveld avsluttar med eit ekstrakurs for yrkesskulen i Røde Kors-huset.

– Det er vi godt nøgd med. I fjor hadde vi sju kurs med 82 deltakarar. I år ender vi på 108 deltakarar fordelt på åtte kurs.

– Tilbakemeldingane frå deltakarane har vore gode. Eg har inntrykk av at folk set pris på å lære grunnleggande førstehjelp, eller å få ein repetisjon. Ein veit aldri når ein plutseleg får brukt for kunnskapen.

Kan karane det eigentleg?

På kursa har det vore deltakarar i alle aldre frå fleire nasjonar, men ei overvekt av damer.

– Eg veit ikkje kvifor det er slik, men det kan virke som at mannfolka meiner dei kan dette. Kanskje at dei lærte det då dei var i militæret, men slik er det ikkje. Mange av prosedyrene har endra seg med åra. Til dømes at ein skal drive hjarte-/lungeredning (HLR) med 30 kompresjonar og 2 innblås. Dessuten er førstehjelpskunnskapen ferskvare som ein treng trena på med jamne mellomrom.

– Ein annan ting som fleire har gitt tilbakemelding på er at dei trudde det haldt med hjartestartar aleine. Slik er det ikkje. Ein må drive HLR fram til ein finn fram hjartestartaren, men også i kombinasjon med bruk av hjartestartaren. Denne fortel på ein veldig grei måte korleis ein skal gjera det, når ein skal driva kompresjon og når ein skal halde seg vekke frå pasienten for at den skal få analysera og eventuelt gje støt, forklarar Strønen.

Har gitt Anne-dukker til Kypros

Til årets kurs hadde Os Røde Kors gått til innkjøp av åtte nye Anne-dukker som deltakarane fekk øva HLR på.

– Desse dukkene kan ein kobla opp til ein app slik at ein ser at ein gjer det rett. Det har vore med på å auke kvaliteten. Deltakarane lærar fortare når dei ser effekten av kompresjonane og at dei gjer det skikkeleg.

– Dei fem gamle dukkene, som framleis er fullt funksjonable har vi gitt til Røde Kors på Kypros som vi samarbeider med. Der nede er det nemleg hjelpekorpset som rykker ut som first responder i mange tilfeller og dei trengde utstyret for å utdanna fleire instruktørar og hjelpekorpsarar, avslutter Strønen.

Oversikt over hjartestartarar

Det finst eit riksdekkande Hjertestarterregister, men for Os sin del er det særs mangelfullt. Registeret brukast mellom anna av 113/AMK når du ringer inn for å få hjelp. Det er difor viktig at dei som har hjartestartar registerer den her.

I 2016 oppdaterte Midtsiden sin oversikt over hjartestartarar vi visste om/hadde fått melding om, men også denne oversikta er nok ikkje komplett.

Veit du om hjartestartarar som har kome til, eller om nokon ikkje lengre er plassert der det står i lista, så set vi stor pris på om du oppdaterer oss ved å senda ein epost til tips@midtsiden.no

Her er dei hjartestartarane vi har i vår oversikt:

Abo Plan & Arkitektur
AMFI Os
Askeladden
Bolaks avd Lønningsdal (UTANDØRS 24t)
Bjørnefjorden Golfklubb
Er-An Veikro
Gamleheimshagen
Hodneland Bygginnredning AS
Kløvertun/Sanitetshuset
Kongshaug Musikkgymnas
Kysthospitalet i Hagavik
Legekontor (fleire)
LHL Os
Lunde barneskule
Luranetunet
Lysekloster il (innandørs)
Lysekloster il (UTANDØRS 24t)
MS Fox Fighter
MS Hargun
MS Molly
MS Røttingøy
MS Samba
Museet Lysøen
Nore Neset Aktivitetshus
Nore Neset il (UTANDØRS 24t)
Os brannvesen, på to av bilene
Os Gymnas
Os og Samnanger legevakt
Os Manuellterapi & Fysioterapi
Os Pensjonistsenter (tidl. Os eldresenter)
Os Rådhus
Os Skyttarlag
Os Taxi (DØGNOPE)
Os Turn (klubbhuset, Kuventræ)
Os Turn, kiosken, Kuventræ (UTANDØRS 24t)
Os vgs
Osbadet
Oseana
Oselvarverkstaden
Osbuss, i seks av bussane
SalmoBreed Lønningdal
Sprek og Blid Os
Strøno, Ungdomshuset (i gangen)
Søfteland turn- og idrettslag
Søfteland turn- og idrettslag (UTANDØRS 24t)
Søfteland skule (gymsalen)
Søre Neset il (klubbhus, Bjørnen)
Søre Neset il (UTANDØRS 24t)
Privatmegleren
Ravneberghaugen rehabiliteringssenter
Rema 1000 Kuven Stasjon
Rolls-Royce Hagavik
Ulvehiet (Os jakt og fiskelag)
Ulven leir
Vedholmen Landhandel (Bunnpris/Søre Øyane)
Øyglimt (UTANDØRS 24t)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.