Hjartestartarar: Oppdatert kart og fullteikna kurs
Det har kome fleire hjartestartarar i Øyane. Fleire av eigarane har teikna vedlikehaldsavtale med Røde Kors.


Os Røde Kors informerer om nye hjartestartarar, nye avtalar og oppdatert kart på appen «Hjelp 113».
– I Øyane er det no 7 hjartestartarar, 6 av dei er tilgjengelege døgnet rundt, 5 av eigarane har teikna vedlikehaldsavtale med oss i Røde Kors, seier Kristian Strønen.
- Søre Øyane Sanitetsforening har skaffa to og plassert éin ved Søre Øyane Naturbarnehage og éin ved Lepsøy Gartneri
- Inglaug Brimsholm har plassert hjartestartar ved naustet like over brua i Brimsholmen
- IL Øyglimt har plassert hjartestartar ved idrettsbanen
- Øinæs Grunneigarlag har plassert hjartestartar ved butikken
- INKA as har plassert éin ved den gamle fabrikken og har også ein innandørs i den nye fabrikken som er tilgjengeleg i arbeidstida.
Søre Øyane Sanitetsforening og Os Røde Kors skal køyra kurset «Livreddende Førstehjelp med bruk av hjartestartar» i ungdomshuset i kveld. Kurset blei raskt fullteikna.
Om du vil sjå den nøyaktige nøyaktige plasseringa til hjartestartarane, kan du lasta ned appen «Hjelp 113».
Då kan du òg, frå appen, ringa nødetatane og senda den nøyaktige posisjonen din på ein effektiv måte, om du skulle få bruk for hjelp.