Kultur | 29. nov. 2018

HM i Oseana: Aukar frå trio til orkester på 10

HM Johnsen har skrive 30-40 låtar og spelt 50 konsertar i år. Laurdag toppar han eit travelt 2018 med å realisera ein draum.

HM i Oseana: Aukar frå trio til orkester på 10
F.v.: Jone Finne Kuven, Hans-Marius Johnsen, Helene Waage og Ørjan Hammer. Laurdag kjem seks til på scenen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 29. nov. 2018 21:28

HM Johnsen, med vokalist, gitarist og frontfigur Hans-Marius Johnsen, er i utgangspunktet ein trio. Den 21 år gamle gitarhelten frå Øyane, som seinare tok steget til låtskriving og song, har med seg Sigurd Steinkopf (trommer) og Jone Finne Kuven (bass) fast i bandet.

• Videoportrett: Tett på HM Johnsen (2016)

Til konserten i Oseana laurdag har 3 blitt til 10.

– Å spela i Oseanasalen har lenge vore ein draum, og ambisiøs og optimist som eg er så sa eg under albumsleppet i kunstutstillinga i Oseana i fjor at «neste år skal eg spela oppe».

Sjå video frå platesleppet

Den produktive og framoverlente musikaren, som i sommar var i studio med Little Steven, fekk det som han ville. Laurdag entrar han scenen, og det med eit knippe musikarvenar som til saman utgjer eit heilt orkester.

– Som trio har vi spelt for 5000 på Notodden i år. Det krev litt å ta salen når du berre er tre. Men eg merker at det òg krev litt å «spela seg ned», at vi i trioen skal gje rom for alle gjestane.

Gjestemusikarane: Ørjan Hammer (trompet), Kim Gulbrandsen (keybord), Kjetil Osablod Grønvigh (trommer) og kor av sambuar Helene Waage og Fonos-damene Stine Kobbeltvedt, Hege Kathrin Varhaug-Lekven og Lise Renee Aase.

– Det er utruleg kjekt at eg har fått med meg så mange flinke folk, eg er veldig takksam for alle som stiller opp! Her blir det eit solid kor, det blir låtar med to trommespelarar samtidig, eg har med meg keyboard, og eg får Jone og Sigurd sin studiekamerat, fantastiske Ørjan Hammer, på trompet.

– Eg var i utgangspunktet på jakt etter full blåserekke og eit orkester på til saman 13-14 musikarar, men der er Jone flink til å bremsa meg. «Hugs at det må vera realistisk», sa han. Det hender eg treng ein sånn påminnar, innrømmer herr HM og ler.

Flink på blues - men ingen bluesgitarist

HM Johnsen med band spelte også i år under Notodden Bluesfestival, der Hans-Marius Johnsen med band i fjor vann ein prestisjetung «cup» med tilhøyrande spelejobbar som del av merksemda.

– Vi fekk smaka på musikarlivet på godt og vondt, med lite søvn, ulike buforhold, 8 spelejobbar på 3 dagar - og nokre fantastiske stunder på scenen, framfor eit strålande publikum.

Trioen HM Johnsen har spelt til saman rundt 50 konsertar i år. I tillegg har Hans-Marius hatt fleire jobbar på eigahand.

– Eg vil takka Norsk Bluesunion for det dei har gjeve oss av opplevingar dette året.

Hans-Marius, som også fekk stipend av Osøren Blues & Jazzfestival då han var ungdom, liker framleis å spela blues. Men han seier han er ingen bluesgitarist.

– Eg spelte mykje blues i starten, men eg starta ung og er framleis ikkje så gamal, seier Hans-Marius.

Han fyller 22 år i romjula, og har byrja å finna sin eigen stil, sitt eige sound.

– Musikken min kan ha popaktig refreng, rocka gitar og jazza rytme. Å kalla meg for bluesgitarist vil setja meg i bås, og det vil heller ikkje samsvara med musikken eg lager.

Lurer seg vekk for å nynna nye melodiar

Etter at debutalbumet kom i fjor har han vore flittig, ikkje berre på reising og spelejobbar, men i sitt eige studio heime på Søfteland.

– Til no i år har eg laga 30-40 nye låtar. Nokre av dei er ferdig, og kjem som singel gjennom vinteren. Eg trur eg ventar minst eit år før det kjem nytt album, det er kjekkare å sleppa låtar jamt gjennom året.

– Har du laga omtrent éin låt i veka gjennom eit travelt år?

– Det høyres kanskje travelt ut å reisa mykje, men det er òg mykje venting. Og det er tid vekke frå heimbygda. Når du har tid for deg sjølv, og når det blir lite søvn, kan det skapa stemning for låtskriving.

Ideane og melodiane kan gjerne dukka opp litt uventa.

– Det har hendt at eg har kome på ein melodi rett før eg har sovna. Dagen etter er det vekk. Derfor er eg no rask med å nynna melodien inn på mobiltelefonen.

– Det hender at det blir upassande, både det å stå opp, gå frå middagsbordet på ein restaurant eller som no på laurdag, stikka vekk frå støyen på Festplassen, rundt eit hjørne, for å nynna inn noko som dukkar opp i hovudet der og då.

– Men når det er gjort så er ideen i boks.

Håper på 200 gjestar

Det er selt over 100 billettar til konserten i Oseana laurdag. Den ambisiøse snart 22-åringen har ambisjon om å nå 200.

– Kva får publikum høyra på laurdag?

– Dei får naturlegvis høyra både låtar frå albumet, låtar vi skal gi ut i vinteren som kjem og enkelte coverlåtar vi aldri har spelt før.

– Kan du røpa éin?

– Eg kan lova publikum ein heftig vri på ein låt av The Beatles. Alt framført av det solide korpset eg har med meg.

– I fjor og for tre år sidan hadde du folksame og stemningsfulle julekonsertar med gjesteartistar i Kløvertun. Dette er ikkje ein julekonsert?

– Nei, dette er HM Johnsen med utvida band. Men det kan bli ny julekonsert neste år. No handlar det om å servera musikken vår på best mogleg vis i Oseanasalen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.