Sport | 08. feb. 2017

– Ho er ein typisk skyttar

Landslagstrenar Thorir Hergeirsson har tatt ut tidlegare Osspelar Anna Bjørke Kallestad til landslagssamling i Skien.

Landslagsjef Thorir Hergeirsson (innfelt) har tatt ut tidlegare Os-spelar Anna Bjørke Kallestad til samling (foto: Norges Håndballforbund/Sola HK)
Andris Hamreonsdag 08. feb. 2017 16:34

23.-26. februar samlar landslagsleiinga med Thorir Hergeirsson spelarar frå håndballjentene, rekruttjentene, juniorjentene og U-jentene til felles samling i Skien.

– Dette er den årvisse samlinga som vi har hatt i omlag 20 år no, kor vi samlar dei av handballjentene og rekruttjentene som er tilgjengeleg. Det vil seie dei som ikkje spelar i utlandet eller er opptekne med Champions Leauge eller EHF-cup, fortel Hergeirsson til Midtsiden.

Skal få visa seg fram

Anna Bjørke Kallestad, som til dagleg spelar for Sola HK i Grundigligaen er ei av spelarane som no får sjansen til å visa seg fram for landslagsleiinga.

– Eit av formåla med samlinga er å få tatt ein titt på nye spelarar og få snakka med dei om ambisjonar og satsing. Anna kjenner vi frå yngre landslag og vi fann tida rett for å gje ho moglegheiten no.

Bjørke Kallestad var ein del av juniorjentene som spelte VM i Moskva i fjor sommar.

Ikkje så mange av typen

Hergeirsson beskriv Bjørke Kallestad som ein skyttertype.

– Ho er ein typisk skytter, høg og venstrehendt. Vi har ikkje så mange av dei typane tilgjengeleg.

– Ho har gode skot frå distanse og har skudd som sin spisskompetanse, analyserar Hergeirsson.

Har tatt steg i rett retning

Hergeirsson føl godt med på aktuelle spelarar både i heimleg serie og i utlandet.

– Anna har fått seg eit løft denne sesongen. Det kjem nok av at ho har kome på plass i Stavanger og at ho har fått trent systematisk og godt i Sola.

– Samstundes har ho òg tatt steg i forsvar denne sesongen. Ho har vore tålmodig og fått stadig meir speletid i Sola, så får vi sjå om samlinga kan vera ein motivasjon. Framleis har ho nok eit godt stykke igjen til A-landslaget, men vi har ikkje så mange høge venstrehendte skyttarar, så det skal bli spennande å sjå om ho grip moglegheiten og tek nye steg, avsluttar landslagssjefen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.