Kultur | 01. juli 2016

– Ho har løfta kunstdelen enormt

Oseana søkjer ny kunstkurator etter Marianne Gathe som flyttar austover. – Det har skjedd ei enorm utvikling på kunstbiten med Marianne, seier Ole Tobias Lindeberg.

– Ho har løfta kunstdelen enormt
Marianne Gathe gir seg som kurator på Oseana for å flytte heim til Austlandet. Her under opninga av Friskunst-utstillinga med 4. klassingane (foto: AH)
Andris Hamrefredag 01. juli 2016 09:40

Kunstformidlar og -kurator Marianne Gathe har sagt opp stillinga si i Oseana for å flytte heim til austlandet etter to år i stillinga.

– Det er kjempetrist at vi mister Marianne, ho er og har vore ein god og fin kollega i staben på Oseana, men eg kan ikkje anna enn å takke ho for jobben ho har gjort for oss og ønskje ho lykke til med nye oppgåver austpå, seier Oseana-direktør Ole Tobias Lindeberg.

Har utvikla kunstsamlinga

Direktøren er full av lovord om den no avtroppande kuratoren.

– Marianne har bidratt til ei fantastisk utvikling av huset dei to åra ho har vore her. Ho har ein enorm kompetanse, i tillegg til å vera ein fantastisk person.

– Det at vi fekk ho inn gjennom eit samarbeid med Grieg Foundation har vore sentralt for å løfta kunstbiten i kunst- og kultursenteret. Både når det gjeld utstillingane, men òg med tanke på formidlinga av kunsten gjennom Friskunst og dei andre formidlingsprosjekta våre, seier Lindeberg.

– Skal ta det vidare

Stillinga som kurator og kunstformidlar blir no lyst ut på nytt.

– Kva forventingar har du til den som skal ta over etter Gathe?

– Vi søkjer jo etter ein person med høgare utdanning innan kunsthistorie og som i tillegg har interesse og erfaring frå formidling mot publikum i alle aldrar. Vi får sjå på søknadane når dei kjem inn, men vi ønskjer oss ein person som kan vidareføre og utvikla vidare det arbeidet som Marianne har starta på. Vi skal halde fram både med å lage nye spennande utstillingar og å formidle kunsten på ei god måte.

– Vi ønskjer ein person som kan vera med å skapa eit aktivt og profesjonelt kunstmiljø saman med dei andre aktørane i bygda, avsluttar Lindeberg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.