Lokal | 04. nov. 2018

Ho sendte flaskeposten

Brevet som blei funne på fjorden onsdag, blei skrive for fire år sidan.

Ho sendte flaskeposten
Vigdis og barnebarnet Natalie, fire år etter at dei kasta flaskeposten i sjøen.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 04. nov. 2018 21:26

Evy Renate Fyllingen plukka onsdag opp ei tomflaske frå Bjørnafjorden. Flaska fann ho utanfor Gulholmane, nær Kobbavågen.

Fredag oppdaga ho at det var eit brev i flaska, og lurde på om nokon visste kven som har laga brevet. Svaret kom til Midtsiden-redaksjonen etter fire timar.

– Svigermor kjente igjen teikninga med éin gong, fortel Nina Skår Sydnes.

Dottera Natalie hadde nettopp byrja i 1. klasse då ho ville laga flaskepost. Ho hadde nett lærd seg nokre blokkbokstavar, så det blei både teikning, skrift og nokre klistremerke på brevet. Saman med farmor Vigdis kasta ho den på fjorden.

– Dei hadde visst kasta den uti frå Televika. Sjølv om den ikkje har segla så langt, er det kjekt at den dukka opp igjen etter så mange år, synest mamma Nina.

Televika ligg nedanfor Kuhnle, nær Os sentrum, rundt 8 kilometer frå der den blei funnen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.