Sport | 20. feb. 2020

– Ho skyt nesten hol i nettet

Emma S. Lyssand matchvinnar i svært tett bortekamp.

– Ho skyt nesten hol i nettet
Emma Lyssand skåra fem mål i dag. Her i kamp mot Kjøkkelvik i januar, då Os mista leiinga i 58. minutt. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 20. feb. 2020 19:52

Os tok sin fjerde siger på rad då dei i dag vann 24-25 borte over BSI.

Amanda Kristin Holthe, som fekk brist i eit ribbein då ho for 18 dagar sidan blei toppskårar i debuten, blei med 9 skåringar toppskårar igjen.

Emma Sælen Lyssand skåra 3 av dei 6 siste måla og blei matchvinnar med kampens siste nettkjenning 14 sekund før slutt. I alt blei det 5 mål på Emma.

Sjukdom i troppen

– For det første er eg glad vi har spart Amanda litt, at ho ikkje var med mot Stord i helga. Sjølv om brist i ribbein kan sitja lenge i, og i dag hadde vi verkeleg bruk for ho, seier trenar Trond Budal.

Ayleen A. Hansen har vore sjuk, men spelte og skåra 2. Storskårarane Stine Eide (2 mål i dag) og Anna Mjånes (1 mål i dag), som skåra 10 og 8 mål i førre kamp, var sjuke og sat 40 og rundt 30 minutt på benken i dag.

Men det var andre som sto fram.

Viste styrke og breidde

– Emma skyt fantastisk hardt, i dag fekk ho verkeleg boltra seg. Keeper såg knapt at skota kom før ho høyrde at dei suste forbi, skryt Budal.

– Berre to av dei som spelte står ikkje på skåringslista. Dina Søvik Midthun skåra tre mål og Charlotter Pettersen to. Sofie Evensen gjer mykje god jobb og putta eitt.

Keeper Siri Eide Børtveit hadde redningsprosent på 38 i første omgang og 47 etter pause.

Kampen var svært jamn. Os gjekk i føringa nesten frå start (1-0 blei til 1-2), men leia på det meste med berre tre mål. Etter pause hadde dei ein kort periode der dei leda med 4 og 5 mål.

Men BSI var med heile vegen, utlikna 6 gongar før pause, leia 13-11 før det sto likt til pause. Stine Færøvik frå Os skåra to mål for BSI, tidlegare Os-spelar Pia Johansenskåra òg to på Os.

Os drog litt i frå etter 16-16, men det sto både 23-23 og 24-24 før Os sikra sigeren.

Heimekamp i neste runde

Plassen er nærmast sikra for det nye, unge damelaget til Os når fire rundar står igjen.

Neste kamp går heime mot Bjørnar ettermiddagen laurdag 7. mars.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.