Hodnekvam til Os
Komikar Vidar Hodnekvam, kjent frå blant anna VHS på VG-TV, står for haustens første standup-show på Catten Nightclub.
Jon Hægland og standupklubben Råkt Opp & Ned held fram med show på Catten i Os, og førstemann ut er Vidar Hodnekvam.
– Vi hadde to show i vår og det blir nok to-tre show i haust òg, det ser ut til å vera passeleg dose i Os, seier Hægland, som starta med klubbkveldar i Os vinteren 2012.
– Det blir nok flest sånne spesialshow som vi no har fått tak i, og færre tradisjonelle klubbkveldar med korte innslag frå fleire komikarar.
– Denne gong var vi heldig og fekk Hodnekvam sitt første soloshow «Oppvekst» til Os. Showet hadde premiere i vår og har gått fleire rundar på Latter i Oslo og Ole Bull i Bergen.
Rutinert bergensar
Vidar fekk raskt ein god CV etter debuten sin i 2007.
Han har vore på scenen i Noreg, Finland, England og USA, i tillegg til å ha sitt eige show på VG Nett, VHS (Vegar Hodnekvam Show).
Hodnekvam har vunne fleire prisar, blant anna som beste artist under Skjemtegauk-festivalen både i 2009 og 2010. I 2013 vann han prisen for beste opptreden på Humorfest i Bergen.
– Showet i Os går fredag 29. august. Sidan det er fredag er det også ope for 18-åringar på nattklubben, seier Hægland.
Videoen under er frå debutåret 2007. Materialet handlar om noko oppvekst-relatert, om det er del av showet i Os er uvisst.