Sport | 11. feb. 2017

Høg aktivitet på tilgrisa skøyte-is

– Ikkje kast ting på isen, ber skøyteentusiast, som fortel om gode forhold på Havretjørn på Liafjellet.

Høg aktivitet på tilgrisa skøyte-is
Havretjørn i går. Det vesle vatnet ligg rett ved stien opp frå Moberg/ulvenvatnet, nær toppen på Liafjellet. (Lesarbilde)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 11. feb. 2017 10:22

Bildeserie:

Her ligg Havretjørn. (Kart: Os kommune)
Her ligg Havretjørn. (Kart: Os kommune)
1 av 1
Her ligg Havretjørn. (Kart: Os kommune)

Etter ei veke med fint vintervêr i Os er dei fleste vatna framleis utan tjukk nok is til at den er farbar.

Men på Havretjørn, som både er grunt og ligg litt i høgda, er isen tjukkare.

– Den er ikkje 15 cm, som av ei eller anna årsak er sett som minstemål, men eg har målt den til minst 10 cm stålis, og gjekk på isen i fleire timar i går.

– Vatnet er dessutan svært grunt, det er berre ei hole på midten som så vidt er djupare enn ein halv meter.

Problem med greiner, steinar og konglar på isen

Skøyteentusiasten, som i går var på isen med familien, måtte be sistemann ta med seg ein kost.

– Det ser ut som om ei gruppe har vore på tur her, for det låg både pølser, greiner og mykje konglar på isen.

– Dette er enkelt å få vekk om du får tatt det med éin gong, men om det kjem vekslande temperatur og litt vind, kan det fort lima seg fast til isen og bli både snublefeller og irritasjonsmoment.

– Hald isen rein og fin, så kan vi ha større glede av den når den er trygg, oppmodar innsendar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.