Lokal | 25. jan. 2018

Høg fortetting blir for dyrt

Moglegheitsstudie, Finnebrekka: Må bygga 400-500 bueiningar om det skal løna seg.

Høg fortetting blir for dyrt
Delar av situasjonsplanen ved ei moderat fortetting. Mørke hus syner skisser for moglege fortettingar (ill: Asplan Viak/Os kommune)
Andris Hamretorsdag 25. jan. 2018 14:42

Asplan Viak presenterte kort moglegheitsstudien for Finnebrekka dei har gjennomført på oppdrag for Os kommune for plan- og bygningsutvalet torsdag.

– Moglegheitsstudie er eit verkty vi nyttar for å sjå kva moglegheiter som ligg når vi skal planlegga. Vi har fått Asplan Viak til å sjå kva som er realistisk å planlegga for.

– Vi ba dei sjå på to alternativ ei høg utnytting med tett byutvikling og ein meir moderat fortetting, innleia By- og arealplanleggar Henning Wenaas Ribe hos planavdelinga i Os kommune.

For høge tomtekostnader

Audun Hammersland frå Asplan Viak fortalde at dei ganske raskt konkluderte med at ei høg fortetting var urealistisk i dagens marknad.

– Vi gjorde ei analyse av bygningane som har gått på fritt sal i området dei par siste åra. Dei har hatt ein snittpris på 21.000 kroner per kvadratmeter. Vi har også snakka med heilt typiske utbyggarar som kjøper opp eigedomer og byggjer nytt. Dei fortel at ein slik kvadratmeterpris rett og slett er for høg. Det blir for mange einingar dei må byggje for å få dette til å gå rundt. Normalpris for dei er gjerne rundt 250.000 per eining i tomtepris.

– Skulle ein ha bygd ein normal blokkbebyggelse på områda på nedsida av vegen (Finnebrekka), så måtte ein ha bygd 4-500 einingar. Økonomien i det stemmer derfor ikkje. Ei så høg fortetting på Os ser vi som urealistisk i det markedet som er no, forklarte Hammersland.

Analysen syner at om ein utbyggar skulle ha kjøpt området langs elva frå Eldresenteret til opp mot gamlebrua på nedsida av vegen så måtte ein ut med omlag 237 millionar kroner for å kjøpe tomtene.

Naboar kan gå saman

I staden har konsulentane jobba vidare med ei meir moderat fortetting.

– Vi har laga ein alternativ modell som heller fortettar mellom bygningane der det er plass. I eit slik scenario kan det vera ein moglegheit kor naboar går saman og utviklar eigedomane saman på tvers av dagens eigedomsgrenser, til dømes gjennom å bygga saman to og to einebustader med eit nybygg som kan gi arealauke i eksisterande bustader i kombinasjon med nye bueiningar i mellomrommet.

Vil kobla Finnebrekka til sentrum

Eit av fokusområda for konsulentane i Asplan Viak har vore korleis ein kan kobla Finnebrekka til sentrum.

– Det handlar om å styrke sentrum ved å utvikla Finnebrekka. Vi har foreslått ei gangbru frå Bydraget i ein s over til austsida av elva like nedanfor krysset mellom Finnebrekka og Gamle Finnebrekka. Eit kartgrunnlag og datasystem har analysert våre løysingar for å gje ei kalkyle på om folk vil nytta ei slik løysing. Desse viser at du vil få ein heilt annan fotgjengar og sykkelaktivitet i området.

Foreslår bilfri sone

Asplan Viak har òg sett på trafikksystemet i området og foreslår ei bilfri sone i midten, slik at ein kjem til nordre del av området via gamle brua og at ein kjem til søndre del av området via ein ny løysing kor ein knyttar Hamnevegen saman med søndre del av Finnebrekka.

– Då får vi ei bilfri sone i midten. Det gjer at vi kan få eit heilt anna liv i gatene, kor folk bruker beina meir enn bilen. Rundt disse gatene kan ein gjera grep som kan nyttast til leikeplassar, møteplassar og det mogleggjer å laga området nede langs elva til eit opphaldsrom.

– Eit slik gatenett kan forsterka naboskapet og gjera byrommet og uteplassane til ein meir sentral del av kvardagen, samstundes som det gir større moglegheiter til å styrka sentrum. Hovudgrepet er at du bruker det som eit via-området til der du skal, forklare konsulenten.

Moglegheitsstudien vil blir presentert på eit ope folkemøte. Truleg blir dette måndag 5. februar omlag klokka 1830 i Kyrkjetunet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.