Næringsliv | 27. juli 2020

Høgast pris i fylket: No er Tjoholmen for sal

– Eg vil tru at dei fleste som har råd kan vera interessert.

Tjoholmen, òg kalla Munch-holmen, ligg idyllisk til, synleg frå Strønebrua (i bakgrunnen). (Foto: Espen Wilhelmsen/Privatmegleren)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 27. juli 2020 08:00

I skrivande stund 452 fritidsbustadar for sal i Vestland fylke. Voss (57), Øygarden (36), Ullensvang (33) og Sveio (27) er dei einaste som har fleire enn Bjørnafjorden med sine 23.

Den med høgast pris i fylket er Tjoholmen, mellom Strøno og fastlandet, med prislapp på 20 millionar kroner.

Hytte, gjestehytte, naust og eiga sandstrand

For 20 millionar får du ikkje berre di eiga øy midt i ein av dei mest idylliske delane av skjergarden vår, mellom Vedholmen Landhandel og Lysefjorden, øya har eiga sandstrand i delvis avstengt saltvannsbasseng.

På den 6,1 mål store øya er det til saman 430 kvadratmeter med byggmasse.

Stove og spisestove i hovudhytta. (Foto: Privatmegleren)

– Det er to fullverdige hytter, eit svært generøst naust og 24 meter med djupvannsbrygge. Bygningsmassen er av nyare dato, og alt er godkjent, seier eigedomsmeklar Tom Jørgensen til Midtsiden.

Hovudhytta har fire soverom, gjestehytta har tre soverom og naustet har eigen hems.

Gjestehytta har tre soverom og denne stova. (Foto: Privatmegleren)

Sist selt i 2016

Tjoholmen blir òg kalla Munch-holmen, etter Munch-familien, som første etablerte seg med fritidseigedom på den vesle øya mellom Strøno og fastlandet.

Eigedomen låg for sal for 25 millionar i 2013. Tre år seinare blei den selt til investor Sigmund Bjørke frå Voss for 16 millionar.

Gode hamneforhold. Skåtøya og Balandsneset/Drange i bakgrunnen. (Foto: Espen Wilhelmsen/Privatmegleren)

– Eg har sett på eigedomen i fleire år, og køyrt forbi i båt fleire gonger. Det må vera den finaste eigedomen på heile Vestlandet. Du må til Sørlandet for å finna tilsvarande, og det er litt for langt, synest eg, sa Bjørke til BT for fire år sidan.

– Kvifor vil dei no selja?

– For seljar sin del har dette vore ei investring. Eigar har i denne perioden oppgradert eigedomen.

Svært god marknad

Jørgensen fortel om ein spesielt god marknad for fritidsbustadar denne sommaren - både på fjellet og ved sjøen.

– I hovudsak er nok dette eit resultat av at mange, i kjølvatnet av korona, har tenkt at det å feriera i Noreg ikkje er så dumt. Svært låg rente har nok òg vore medverkande.

– Er eigedomen interessant for næringsdrift, for eksempel som restauarant eller selskapslokale?

– Det vil eg seia at eigedomen er eigna til, men det vil i så fall krevja andre godkjenningar.

– Kan denne eigedomen lokka interessentar frå fleire landsdelar?

– Dette er ein så sjeldan og unik eigedom at jeg vil tru at dei fleste som har råd vil kunna vera interessert. Her snakkar vi naturlegvis om velståande privatpersonar eller firma.

Naustet har eigen bar og grill. (Foto: Privatmegleren)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.