Lokal | 15. okt. 2016

Høgast snittinntekt i Nordstrøno

Dette skattekartet viser snittinntekta for kvart postnummer i Os.

Høgast snittinntekt i Nordstrøno
Utsnitt av Os, der Nordstrøno skil seg ut. (Skjermskot, BT.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 15. okt. 2016 07:56

I samband med skattelistene for 2015, som blei publiserte 13. oktober, har Bergens Tidende samla snittinntektene for kvart postnummer (med over 25 skatteytarar) i Hordaland i fargelagt kart.

Sjå kartet på BT.no (krev innlogging). Her kan du òg sjå snitt formue og skatt - og kva som er den høgaste inntekta, formua og skatten som er betalt per krins.

Nordstrøno og Kuvågen på topp i Os

I Os er det lågare forskjell frå postnummer til postnummer.

5218 Nordstrøno ligg på topp med snittintekt på 388.601 kroner (305 skatteytarar). Den med høgast inntekt i Nordstrøno tente 5.068.534 kroner i 2015.

På dei neste plassane kjem Os sør (Kuvågen, Moberg, Sollia m.m.) og Os aust (Haugsneset, Solstrand, Hegglandsdalen m.m.)

5212 Søfteland har lågast snitt med 301.853 kroner (1.407 skatteytarar). Den med høgast inntekt tente 6.573.009 kroner.

Snittinntekt og tal på skattebetalarar i krinsane i Os:
1. 5218 Nordstrøno: 388.601 kroner (305 skatteytarar)
2. 5209 Os: 382.010 kroner (1.925 skatteytarar)
3. 5211 Os: 376.272 kroner (1.583 skatteytarar)
4. 5216 Lepsøy: 364.961 kroner (803 skatteytarar)
5. 5215 Lysekloster: 360.563 kroner (1.171 skatteytarar)
6. 5200 Os: 351.629 kroner (2.147 skatteytarar)
7. 5217 Hagavik: 338.050 kroner (1.988 skatteytarar)
8. 5208 Os (Søre Neset): 330.559 kroner (1.420 skatteytarar)
9. 5210 Os: 320.234 kroner (1.865 skatteytarar)
10. 5212 Søfteland: 301.853 kroner (1.407 skatteytarar)

Større forskjellar i Bergen

I Bergen er forskjellane store, noko enkeltpersonar med ekstremt høg inntekt (som Trond Mohn), er med på å dra opp.

5259 Hjellestad skil seg ut og ligg på topp med snittinntekt per 1.892 skatteytarar på heile 984.664 kroner.

Loddefjord og nokre av postnummera rundt Danmarksplass ligg på rett over og rett under 200.000 kroner i snitt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.