Lokal | 14. feb. 2018

Høge bølgjer og innstilte ferjer

Vindstyrken skal auka i natt: Halhjem-Våge er innstilt frå klokka 22.15 og ut kvelden.

Høge bølgjer og innstilte ferjer
Bølgjene slår høgt over moloen på Steinneset i kveld, halvannan time før full flo. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 14. feb. 2018 20:38

Kuling frå søraust førte til at ein båt gjekk ned i Os hamn natt til onsdag.

Onsdag kveld har vindstyrken auka og bølgjene skvett over moloane på begge sider av hamna.

– Eg kan ikkje hugsa at sjøen har gått over moloane på denne måten før, seier brannsjef Stein Gjøsund.

Han bur på Steinneset, heilt ved sjøen, og ser begge dei ytste moloane frå huset sitt. I kveld er han på vakt.

– Vi har førebels ikkje fått melding om problem i Os, verken velta tre eller lyktestolpar, eller andre skadar.

– Eg har fått varsel frå BKK om at dei har ekstra beredskap i tilfelle straumbrot.

Innstilt ferje

Klokka 21.15 varsla FosenNamsos om innstilt ferje.

«Halhjem - Våge: Sambandet Halhjem - Våge innstilles fom avg 22:15 og ut kvelden pga værforholdene» fortel ferjeselskapet.

På Minde i Bergen har 70-80 kvadratmeter av eit tak blåst av.

– Vinden skal ta seg endå meir opp i natt og torsdag morgon, seier meteorolog Eldbjørg Moxnes til BT.no.

I Os er det full flo klokka 22.25 i kveld og klokka 10.34 torsdag. Torsdag ettermiddag skal vinden løya.

Oppdatert, torsdag morgon: Halhjem - Våge tek opp trafikken igjen frå klokka 08.10, då første ferje går frå Våge.

Sjå detaljert vêrmelding for Osøyro på Pent.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.