Lokal | 24. feb. 2019

Hoggorm på tidleg vårtur

Dag Fjellanger tok årets første tur på Liafjellet i dag. Han var ikkje åleine.

Hoggorm på tidleg vårtur
Denne hoggormen låg midt på stien på Liafjellet i dag, søndag 24. februar. (Lesarbilde, foto: Dag Fjellanger)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 24. feb. 2019 18:27

Bildeserie:

Havretjørn i tidleg vårsol i dag. (Lesarbilde, foto: Dag Fjellanger)
Havretjørn i tidleg vårsol i dag. (Lesarbilde, foto: Dag Fjellanger)
1 av 1
Havretjørn i tidleg vårsol i dag. (Lesarbilde, foto: Dag Fjellanger)

Vi har fått ein vinterferie med påskevêr i Os i år. I helga har det vore 8-10 gradar og sol, og vêret skal halda seg tørt og varmt til og med fredag, med unntak av fare for nokre dropar i morgon.

Ein av fleire som tok seg ein fjelltur søndag, var Dag Fjellanger.

– I periodar går eg mykje på tur, men dette var faktisk første tur på Liafjellet i år, fortel Dag.

Han blei overraska over møte med ein hoggorm midt på stien.

– Eg var på veg ned på nordsida, og hadde akkurat passert Havretjørn og bekken nedanfor. Ormen var ganske stor, 55 til 60 centimeter, og ganske treig. Den var truleg ikkje heilt vaken frå vinterdvalen enno.

Hoggormen ligg normalt i hi frå september-oktober og fram til april-mai, men på Vestlandet kan den koma ut av hiet tidlegare, allereie i februar. Førre helg skreiv Os & Fusaposten om ein hoggorm som var observert i ei grøft langs stien til Svartavatnet, nedanfor Lyshorn.

– Det er ikkje ofte eg møter hoggorm, dette er andre eller tredje gong. Eg observerte ein familie som gjekk 150 meter framfor meg, og synest det er rart dei ikkje såg den. Samtidig kan det vera greit å vera klar over at den no er ute, at folk trør varsamt, seier Fjellanger.

Hoggorm er ein av tre slangar som lever fritt i Noreg, og den einaste som er giftig. Hoggorm er freda.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.