Val 2025 | 01. sep. 2025

Høgre – Det tryggaste valet

Måndag skal det avgjerdast. Kven skal styra landet dei neste fire åra?

Høgre – Det tryggaste valet
Høgre-politikar Marie Lunde Bruarøy. Foto: Susann Haukeland Børnes / Midtsiden
Lesarinnlegg
Lesarinnleggmåndag 01. sep. 2025 09:00

Måndag skal det avgjerdast. Kven skal styra landet dei neste fire åra? Ynskjer vi at Støre skal få halda fram med støtte frå SP, SV, MdG og Raudt, med høge skattar og «me følgjer situasjonen tett»-svar på utfordringane Noreg står i?

For fire år sidan skulle det vera vanlege folk sin tur, men dei fleste av oss var visstnok ikkje vanlege…

Høgre er, som styringsparti, klare for å danna ei ny regjering på borgarleg side.

Me går til val på dei fire hovudsakene:

  • Meir forsvar og politi
  • Lågare skatt
  • Kortare helsekøar
  • Meir læring i skulen

Høgre sin politikk er løysingar på dei utfordringane landet står i. Løysingar som får opp verdiskapinga. Løysingar som tar ned helsekøane. Løysingar som sikrar at ungane lærer meir.

Med usikre tider og uro i verda, treng vi tryggleik og ei regjering som evnar å prioritera det viktigaste først!

Eit sterkt Høgre er garantisten for regjeringsskifte!

Ikkje stem taktisk, stem trygt, stem Høgre!

Marie Lunde Bruarøy
Høgre

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.