Bjørnafjorden Høgre heldt nominasjonsmøtet sitt på Skjelbreid Poirée torsdag kveld. (Privat foto)

Høgre nominerte sine topp 40

Bjørnafjorden Høgre fekk i tillegg inn ein ekstra på lista under nominasjonsmøte til valet i 2019.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I februar blei Høgre i Os og Fusa samla til Bjørnafjorden Høgre, med Susanne Sperrevik som leiar. Torsdag kveld hadde det nye lokalpartiet nominasjonsmøte.

– Nominasjonskomiteen har gjort ein grundig og god jobb. Dei har hatt mange samtalar og dei har lytta til innspel, fortel Marie Elisabeth Lunde Bruarøy.

Nominasjonskomiteen blei valt av stiftelsesmøtet i februar, og besto av Bjørn Sivertsen, Emil Brimsholm, Bjarne Tveitnes, Åge Lygre og Susanne Sperrevik.

Ordførarkandidaten først

Etter råd frå Høyre sentralt blei det gjennomført nominasjon av ordførarkandidat i ein runde for seg sjølv. Då det før sommaren blei klart at Marie Bruarøy, som då var ordførar i Os, skulle kumulerast på toppen av lista, slutta ho seg til komiteen sitt arbeid.

Møtet blei gjennomført på Skjelbreid Poirée i Fusa.

– Det er eit fantastisk anlegg med ei veldig god atmosfære, så utruleg fredeleg berre ti minutt frå Eikelandsfjorden, seier toppkandidaten til Bjørnafjorden Høgre.

60 % kvinner på topp 10

Bruarøy fortel om ein triveleg dag med godt klima. Lista blei samrøsyses vedtatt, med unntak av Grete Tveitnes, som blei tatt inn på tampen, nest nedst, så Jonny Garvik på heidersplass står som nummer 41.

– Lista består av kandidatar med god spreiing i alder og kva krins dei kjem frå. Rundt ein tredel er frå Fusa.

– Vi klarte ikkje å oppnå 40 prosent kvinner, men gler oss over å ha 6 kvinner på dei 10 øvste plassane, seier Bruarøy.

Bjørnafjorden Høgre - valet 2019

1. Marie Elisabeth Lunde Bruarøy (kumulert)
2. Aud May Boge (kumulert)
3. Ståle Skåthun
4. Kristin Søfteland-Larsson
5. Roger Hoel
6. Børge Lunde
7. Katrine Haugland
8. Lin Catrin Anthun
9. Håvard Mathiesen
10. Kjersti Ellingsen
11. Magne Skåtun
12. Ernst Hoff
13. Tone Linn Magnussen
14. Martin Tveitnes
15. Olav Kvinge
16. May Britt Haringstad
17. Hans Vindenes
18. Bjørn Matland
19. Åge Lygre
20. Tor A.F.B. Teige
21. Arve Samnøy
22. Sissel Stuberg
23. Henrik Vågen
24. Linda Haugland Vik
25. Geir Johan Garmannslund
26. Arne Bjoarvik
27. Lisbeth Axelsen
28. Olav E. Pedersen
29. Erik Vågen
30. Svein Atle Garvik
31. Sondre Eikeland
32. Kine Heggland Sælen
33. Chistine Vernøy
34. Alexander Olsen
35. Ola Dale
36. Arvid Søvik
37. Rebecca Lerch Dahl
38. Hans Haktor Helland
39. Steinar Prikken Bøe
40. Grete Tveitnes
41. Jonny Garvik

Fleire saker