Høgre sitt alternative statsbudsjett: 19 millionar meir til Bjørnafjorden kommune i 2026
Marie Bruarøy viser korleis Høgre sitt forslag til alternativt statsbudsjett ville påverka pengesekken i Bjørnafjorden dersom det blei vedtatt.


Høgre har no lagt fram sitt alternative statsbudsjett, som faktisk prioriterer kommunesektoren som står i ei alvorleg krise.
Om Høgre sitt alternative statsbudsjett hadde fått fleirtal, hadde det styrka kommunesektoren med 4 milliardar i frie midlar. For Bjørnafjorden kommune ville det utgjera 19 millionar meir i frie inntekter.
19 millionar ville vore til god hjelp for å styrka både oppvekst og helse og velferd.
19 millionar meir i vårt kommunale budsjett hadde vore ei handsrekning for å bøta på dei utfordringane kommunen står i for å levera lovpålagte tenester.
19 millionar ville letta veldig på budsjettarbeidet som pågår i desse dagar.
Kva Bjørnafjorden kommune til sjuande og sist får å rutta med i 2026, avhenger av regjeringa og deira forhandlingar med 4 parti på raudgrøn side…
Vi får vona at «tutti-frutti»-partia vert inspirert av Høgre sitt forslag, og aukar dei frie midlane til kommunane.
Det er lov å håpa!
Marie E. L. Bruarøy
Varaordførar og gruppeleiar
Bjørnafjorden Høgre





