Marie Elisabeth Lunde Bruarøy la fram budsjettforslag frå Høgre i dagens formannskapsmøte. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Høgre sitt framlegg til budsjett

Snøggbåtrute, klasseturar, sal av barnehagar og bygging av microhus.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I dag er første møte i Bjørnafjorden formannskap, om vi ser vekk frå budsjettkonferansen i starten på november.

Formannskapet har desse medlemmane:
Bjarte Samnøy (KrF) 
Espen Aspenes (FrP) 
Harald Franz Lekven (uavhengig) 
Laila Marie Reiertsen (FrP) 
Marie Elisabeth Lunde Bruarøy (H) 
Mikal Leigland (Sp) 
Terje Søviknes (Frp) 
Tina Bøe Buer (MDG) 
Trine Lindborg (Ap)

På sakskartet står blant anna KLEM-planen (klima og miljø), beredskap, busetting av flyktningar, politivedtekter - og budsjett.

• Sjå saksdokument og direktesendt video frå møtet på bjornafjordenkommune.no.

Høgre, Frp, samarbeidskoalisjonen (Ap, Sp, MDG og KrF) la fram sine budsjettforslag. SV, som er forplikta til å stemma for koalisjonen sitt forslag om/når deira eige fell, kjem med sitt forslag innan 3. desember, slik at det kan ligga 14 dagar til offentleg ettersyn før endeleg behandling i Bjørnafjorden kommunestyre tysdag 17. desember.

Felles for alle er at dei, der det ikkje er nemnt noko anna, støttar rådmannen sitt framleg til budsjett for 2020 og økonomiplan fram til 2023.

Under følgjer Bjørnafjorden Høgre sitt framlegg til budsjett. Vi kjem tilbake med spørsmål og svar til framlegget, og dei andre politiske einingane sine framlegg, i eiga sak.

Budsjett 2020 • Økonomiplan 2021-2023

– Vi trur på Bjørnafjorden i omstilling

1. Innleiing

Dette framlegget er basert på Kommunedirektøren sitt budsjettframlegg av 29. oktober 2019 og faktagrunnlag som elles er presentert gjennom budsjettprosessen. Der dette dokumentet ikkje kommenterer eller spesifikt fremjar endringsforslag, sluttar ein seg til Kommunedirektøren sine føringar i budsjettframlegget av 29.10.19. Ved eventuelle endringar i Statsbudsjettet for 2020, som gir økonomiske konsekvensar for kommunen, må budsjettet for Bjørnafjorden kommune justerast deretter.

2. Overordna føringar

Høgre vil nytta høvet til å takka heile organisasjonen og dei tillitsvalde for arbeidet som er lagt ned i samband med kommunereformarbeidet. Vi er av den oppfatninga at godt samarbeid mellom politikk, administrasjon og tillitsvaldeorganisasjonane vi vera essensielt og avgjerdande for å få ein god start på etableringa av Bjørnafjorden kommune frå 01.01.20.

Høgre sluttar seg til Kommunedirektøren si vidare satsing på digitalisering og innovasjon som gir oss nye moglegheiter innan dei ulike tenesteområda i den nye kommunen, og ventar å sjå gevinstrealisering frå denne satsinga på litt lengre sikt.

Vi delar Kommunedirektøren si uro over dei økonomiske utfordringane som Bjørnafjorden kommune står føre dei komande åra, og støttar omstillingsprosjektet «Bjørnafjorden 22» som vert omtalt i hans framlegg til budsjett. Dette er eit særs viktig arbeid som bør styrast politisk med kommunestyret som prosjekteigar. Vi ser det til liks med kommunedirektøren òg som naudsynt at det vert rapportert jamnleg på arbeidet i formannskapet, og legg til grunn at temaet vert sentralt i tertialrapporteringane framover.

Høgre meinar prosjektveivisaren frå Difi skal nyttast som prosjektmodell i omstillingsprosjektet Bjørnafjorden 22. Kommunestyre vert prosjekteigar, formannskapet styringsgruppe, og kommunedirektøren prosjektleiar (verbalforslag 6.9).

Høgre føreset at Kommunedirektøren innarbeidar følgjande strategi i Bjørnafjorden:

- Organisasjonen må freiste å hente ut effektivisering og stordriftsfordelar ved at omfanget og/eller kostnader med kommunal tenesteproduksjon ikkje aukar like sterkt som folketalet.

- Det må gjennomførast ei kompetansekartlegging som grunnlag for å oppnå balanse i personalet, herunder fellesfunksjonar.

- Eventuell vekst i frie inntekter må i hovudsak nyttast til å dekkja auka kapitalkostnader knytt til naudsynte investeringar.

- Potensialet i kommunale eigedommar og Lyseparken Næringsområde må hentast ut, og den økonomiske gevinsten nyttast som eigenkapital til komande investeringar.

- Kommunen må satsa på basistenestene innan skule, helse og omsorg, og unngå oppbygging av nye kostbare og spesialiserte tenester.

- Kvalitetsarbeidet i tenesteproduksjonen skal prioriterast dei neste åra.

- Tenesteområda må halda vedtekne budsjettrammer, og leggja fram månadsvise økonomirapportar.

- Det må vera ei overordna målsetjing å bringa drifta av kommunen i balanse, og det utan innkrevjing av eigedomsskatt eller forventa avkastning frå finansporteføljen.

Høgre sluttar seg også til kommunedirektøren sine framlegg til overordna mål og delmål for dei ulike tenesteområda.

I det vidare dokumentet vil Høgre kommentera drifts- og investeringsbudsjettet og presentera sine verbalforslag.

3. Driftsbudsjett

3.1 Skatt, rammetilskot, finans

Høgre kjem ikkje til å gjera vesentlege endringar i driftsbudsjettet for 2020 og økonomiplan for 2021-2023, og vil ikkje auka eller redusera rammene til dei ulike tenesteområda for 2020. Vi meinar likevel at det ligg eit handlingsrom gjennom reduserte rente- og avdragskostnader (innsparingar under kap. 5), og auka skatteanslag. Verbalforslag 6.8 vil truleg utløysa ein kostnad, og då skal tenesteområde Oppvekst aukast gjennom dette handlingsrommet. Det same gjeld finansiering av tiltak i pkt. 3.1 Fellesområde.

Høgre er uroa over at Kommunedirektøren har lagt inn ei avkastning frå Havbruksfondet i sitt budsjettframlegg då dette er slik vi ser det, ei særs usikker inntekt. Vi føreset at det for framtida ikkje vert budsjettert med slike usikre inntekter.

3.1 Fellesområde

Høgre vil generelt kommentera at ein må vera kritiske og nøkterne i all bruk av ressursar i heile organisasjonen. Dette er både eit politisk og eit administrativt ansvar.

Høgre ynskjer at Kyrkja skal kunna oppretthalda driftsnivået som i dag. Det er difor naudsynt å tilføra kr. 300.000,- i driftsmidlar for 2020.

3.2 Stab

Høgre er opptekne av at ein arbeider systematisk for å redusera sjukefråvær gjennom haldningsskapande arbeid og gjennom stimulerande tiltak. Ein må disponera alle ressursar, og leggja til rette for at ein kan yta sjølv om ein i ein periode ikkje har høve til å gjennomføra ordinære arbeidsoppgåver. Her spelar leiarar ei sentral rolle, og ber kommunedirektøren å framleis driva leiarutviklingsarbeid.

Det vil gjennom Bjørnafjorden 22 vera viktig at kommunedirektøren identifiserer kvar kommunen har potensiale til effektivisering, og at det gjerast ei grundig vurdering om re-tilsetting for kvar stilling som vert ledig i stabs- og støttefunksjonane.

3.3 Oppvekst

Høgre vil be om at alle private skular og barnehagar vert innlemma i oppvekstforum i kommunen. Det er viktig at vi får til gode fellessatsingar til det beste for våre barn. Høgre er opptekne av kommunestyret vert haldne oppdaterte på innlemming av nye læreplanar. Høgre ynskjer at kommunen som arbeidgjevar skal leggja til rette for at fleire får ta etter- og vidareutdanning. Det er viktig at det er fokus på kosthald og ernæring i skulane våre, og Høgre meinar at skulane står sjølve fritt til å priotera satsing på dette området innanfor tildelte rammer.

3.4 Helse og velferd

Kommunen som arbeidsgjevar har framleis eit stykke å gå når det gjeld heiltidskultur i omsorgssektoren. Vi ynskjer å understreka at ein skal etterstreba å tilby 100% stillingar når ein skal rekruttera.

Høgre ser fram til at «Leve Hele Livet» skal implementerast i eldreomsorga. Vi meinar at det i tillegg til kommunale krefter også ligg eit større potensiale i bruk av den tredje sektor – det frivillige lag- og organisasjonsliv. Vi ynskjer at det vert lagt til rette for at fleire frivillige kan delta i mellom anna matsituasjonen.

3.5 Samfunnsutvikling

Høgre ynskjer liv i alle bygder, og er opptekne at dette oppnår ein med ei klår ja-haldning i areal- og bustadpolitikk. Det er viktig at ein får full oversikt over tilstanden på kommunal bygningsmasse og legg ein strategisk plan for vedlikehald av denne. Tilsvarande strategisk plan for vedlikehald av kommunal veg må òg etablerast.

4 Avgiftsbudsjettet

Høgre gjer følgjande framlegg om endring i avgiftsbudsjettet vedr. tilkoplingsgebyr:

Framlagte satsar for næringbygg inkl. landbruk vert endra til:

- Vatn: kr. 50.- pr. kvm bruksareal

- Avlaup: kr. 88.- pr. kvm bruksareal

5 Investeringsbudsjettet

Økonomien i Bjørnafjorden er som nemd over utfordrande dei neste åra, og vi bør difor ikkje føreta investeringar som ikkje er strengt nødvendige. Alle investeringar må baserast på ein grundig og god saksgang og politisk styring. Høgre sluttar seg i hovudsak til kommunedirektøren sitt framlegg til investeringsbudsjett, men har følgjande endringar å koma med:

Redusera investeringsbudsjettet med:

· Tollaneset: -kr. 10 mill.

Kommunedirektøren vert beden om å koma med sak om utvikling av Eikelandsosen som kommunedelsenter når områdeplan er ferdigstilt.

· Samfunnshuset Eikelandsosen: -kr. 8 mill.

Auka investeringsbudsjettet for:

· Kyrkja: Maskinpark Fusa + kr. 2 mill.

Kyrkja får tilført omsøkte midlar til maskinparken for at ein skal få til ei god gravferdsteneste og vedlikehald av kyrkjegardane i Fusadelen av Bjørnafjorden.

Vidare vil Høgre kommentera:

· Jettegryto barnehage: Høgre si gruppe er innstilte på å oppgradera og utvida Jettegryto barnehage, men ber om ei sak der ein ser på det totale behovet for barnehageplassar i eit større geografisk område rundt lokalsenteret Eikelandsosen. Investeringa vert utsett til ein har førelagt ei slik oversikt som belyser det totale biletet, herunder eigarskapsstruktur, barnetal, oppgraderingsbehov mm.

· Høgre føreset at følgjande investeringsprosjekt som det er avsett midlar til i Fusa kommunestyre for 2019 og 2020, vert innarbeidd i investeringsbudsjettet for 2020.

Prosjekt nr. 33, 80, 243, 1709, 1710, 1806, 1810, 1811, 1908, 1909, 1911, 1912.

6 Verbalforslag

6.1 Framlegg til vedtak: Bjørnafjorden kommune ynskjer å stimulera til at fleire installerer vassmålar. Ved installasjon av vassmålar, vil kommunen dekka delar av kostnaden ved installasjon av vassmålar, inntil kr. 3.000.- pr. bueining. Tilskotet vert dekka ved bruk av fond på sjølvkostområdet for vatn.

6.2 Framlegg til vedtak: Bjørnafjorden kommunestyre ber administrasjonen å snarast starta byggjing av 1-2 microhus på kommunal tomt på Moberg i tråd med tidlegare vedtak frå Os kommune. Grunngjevinga er det prekære behovet for å skaffa bustader for innbyggjarar med spesielle behov.

6.3 Framlegg til vedtak: Bjørnafjorden kommunestyre ber administrasjonen om å vurdera om «gamle Søfteland barnehage» i Eikhaugen bør seljast, eller om tomta kan nyttast til andre kommunale føremål.

6.4 Framlegg til vedtak: Bjørnafjorden kommunestyre ber administrasjonen om å avklara bruken av gamle Hjellemarka barnehage ved skuleplassen på Søfteland. Om det ikkje er behov for bygningsmassen i eigen regi på aktuell lokasjon, bør denne fjernast/seljast.

6.5 Framlegg til vedtak: Bjørnafjorden kommunestyre ber administrasjonen om å skaffa eigna møtelokale for politiske parti i nær tilknyting til Venjaneset, til dømes på Fusa skule, slik at politiske parti har moglegheiter for å avvikle t.d. gruppemøter på båe sider av fjorden. Det må vera tilgang til internett på lokaliteten.

6.6 Framlegg til vedtak: Bjørnafjorden kommunestyre ber administrasjonen om å gå i dialog med Vestland fylkeskommune om å få snøggbåtrutetilbod til Søre Fusa. Kommunestyret ber om at det vert lagt fram sak om dette innan utgongen av 2020. Saka skal ta opp i seg om snøggbåttilbodet let seg løysa gjennom eksisterande rammer hjå fylkeskommunen, eller om det er behov for eit spleiselag mellom kommune og fylkeskommune, og om det er eventuelle andre samarbeidspartar som har interesse for å bidra til eit slikt tilbod.

6.7 Framlegg til vedtak: Kommunen som samfunnsaktør har eit særleg ansvar for å tilby utdanning innan ulike felt. Bjørnafjorden kommunestyre ber kommunedirektøren om å identifisera moglege utdanningsløp for lærlingar utover dei tradisjonelle linene vi i dag tilbyr. Målet med kartleggjinga er at kommunen skal tilby fleire læreplassar enn i dag. Dette arbeidet skal leggjast fram som ein del av budsjettet for 2021.

6.8 Framlegg til vedtak: Klasseturar for 10. trinnet, lik modell frå Os, skal vidareførast for heile Bjørnafjorden. Klasseturane må koordinerast slik at alle elevane får høve til å reisa i løpet av 10.klasse.

6.9 Framlegg til vedtak: Bjørnafjorden kommunestyre ber om at Prosjektveivisaren frå Difi skal nyttast som prosjektmodell i omstillingsprosjektet Bjørnafjorden 22. Kommunestyre vert prosjekteigar, formannskapet styringsgruppe, og kommunedirektøren prosjektleiar.

6.10 Framlegg til vedtak: Bjørnafjorden kommunestyre vil be om at alle private skular og barnehagar vert innlemma i oppvekstforum i kommunen. Det er viktig at vi får til gode fellessatsingar til det beste for våre barn.

Fleire saker