Politi | 30. nov. 2023

Høgsesong for bustadbrannar

Pressemelding: Sjekk røykvarslaren 1. desember

Høgsesong for bustadbrannar
Brannvarslardagen. (Foto: Vegard Hjelle)
Susann Haukeland Børnes
Susann Haukeland Børnestorsdag 30. nov. 2023 08:49

I Bjørnafjorden kommune har det dei siste fem åra vore 55 bustadbrannar. I tillegg har det vore 24 branntilløp i komfyr i same periode.

Dette er tilløp som fort kunne ha utvikla seg til bustadbrannar.

I Norge er det hittil 24 omkomne i brann.

Sjekk røykvarslarane på Røykvarslardagen 1. desember.

Røykvarslaren reddar liv.

I forbindelse med røykvarslardagen gjennomfører Bjørnafjorden brann og redning stand på Fjorden senter i Eikelandsosen og Amfi senter på os.

Her kan ein kome innom for en hyggeleg prat om brannforebygging.

Alle bustader skal ha røykvarslarar eller brannalarmanlegg, og det må vere minst éin varslar i kvar etasje.

– Du bør teste røykvarslarane dine jamleg, og kvar gong du har vore bortreist i lengre tid. Det er også lurt å støvsuge varslarane regelmessig. Det gjer at dei varer lenger, påpeikar brannførebyggar Joakim Janssens.

Røykvarslardagen er ei viktig påminning om å ta branntryggleiken på alvor når vi no går inn i ei tid der det tradisjonelt oppstår mange brannar.

– Det viktigaste du kan gjere for branntryggleiken heime, er å sjekke at alle røykvarslarane i bustaden fungerer slik dei skal. Alarmen skal kunne høyrast tydeleg på opphaldsrom og soverom, også når døra mellom romma er attlaten, fortel Janssens.

Fleire røykvarslarar gir større tryggleik

Viss du har ein bustad med mange rom eller fleire etasjar, bør du kople saman røykvarslarane, slik at alle pip samstundes ved brann.

Dette kan gi deg verdifull tid til å evakuere, til dømes dersom ein brann startar i kjellaren og du søv i andre etasje. Det kan vere med på å redda liv.

Røykvarslarar skal i regelen bytast ut etter åtte til ti år. Sjekk produksjonsdatoen på baksida. I rom med mykje støv og ureinske kan detektoren bli ustabil og ha kortare levetid.

– Levande lys, peiskos, bruk av komfyr og meir bruk av elektrisk utstyr utgjer ein ekstra risiko i jula, særleg i kombinasjon med inntak av alkohol. Gjer det difor til ein hugseregel å sjekke røykvarslarane og eventuelt byte batteri på Røykvarslardagen 1. desember, oppmodar Janssens.

Røykvarslardagen er eit samarbeid mellom brannvernforeininga, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, det lokale el-tilsynet, brannvesenet og Gjensidige.

røykvarslerdagen.no finn du nyttig informasjon om tiltak som betrar branntryggleiken.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.