Næringsliv | 30. aug. 2019

Høgsesong for lus

Oppmodar alle foreldre å sjekka ungane for lus i løpet av helga.

Høgsesong for lus
Jorunn Hoel hos Apotek 1 i Os sentrum fortel at dei kvart år sel om lag 100 pakkar med lusemiddel, og at no om hausten er det ekstra viktig å sjekka ungane for lus. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighfredag 30. aug. 2019 08:47

Hovudlus er blodsugande snyltarar som lev i håret tett ned mot botnen av hovudet.

Lus overfører ikkje andre sjukdommar, men kan gje plagsam irritasjon og kløe. Kløen skuldast ein allergisk reaksjon på lusebitta.

Kan ta fleire veker frå du blir smitta til kløa startar

– Det kan ta mange veker frå du blir smitta med lus til kløa startar. I mellomtida kan du ha smitta fleire, fortel Jorunn Hoel ved Apotek 1 i Os sentrum.

– Lusa smittar frå hovud til hovud, og spesielt no for tida, etter ferie, er det viktig at alle sjekkar seg. Dette gjeld spesielt hos ungar, då lusa smittar frykteleg lett mellom ungar.

Hoel har ikkje eksakte tal på kor mange som får lus i Os, men seier at hos Apotek 1 i Os sentrum sel dei om lag 100 pakkar med lusemiddel kvart år.

– Dei sel nok endå fleire på Apotek 1 på Amfi, og med yttarlegare to apotek til i Os er det klart at dette er eit tilbakevendande problem.

Start behandling og meld i frå til skule og barnehage

Hoel fortel at det er viktig å koma i gang med behandling så snart som mogleg om du finn lus.

– I tillegg bør du varsla den nærmaste omgangskretsen, og det er viktig at skule eller barnehage får beskjed.

Hoel seier at ungar som har fått lus kan koma tilbake til skulen eller barnehagen allereie dagen etter at lusebehandlinga har starta.

Sjekk regelmessig

• Familiar med ungar i skule og barnehage er mest utsett. Husdyr er ikkje ei kjelde til hovudlus hos menneske.

• Hovudlus er små (2-3 millimeter lange), har grå, brun, svart eller raud farge og er ofte vanskelege å få auge på i håret. Ofte kan det være lettare å sjå luseegga då desse ikkje bevegar seg, men sit godt festa til sjølve hårstråa. Luseegg er gulkvite til gjennomsiktige i fargen, og befinn seg som oftast i område bak øyra, i nakken og oppover mot issen.

• For å finna ut om du eller ungane dine har lus må du kjemma håret. Du treng ein fintanna lusekam, godt lys og ei lupe. Ein grundig sjekk bør ta minst 15 minuttar.

• Hovudlus forsvinn ikkje av seg sjølv eller ved vanleg hårvask. Lus kan bekjempast på tre måtar; lusemiddel kombinert med kjemming, våtkjemming eller ved å barbera hovudet.

Slik gjer du det:

• Legg eit kvitt handklede over skuldrene. Lus som fell ned på håndkledet, blir då lettere å oppdaga. Luseegg kan sitja fast nedst på hårstrå som fell av.

• Fukt håret godt, og bruk litt hårbalsam for å lette greiinga.

• Gre håret systematisk til heile hovudet er sjekka, med rolege tak frå innerst ved hårfestet og heilt ut i hårets lengde. Lusa vil falla ned på håndkledet eller klebast til kammen.

• Undersøk både handkledet og kammen undervegs for lus og egg.

Kjelde: Apotek 1.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.