Næringsliv | 02. mars 2023

Høgt sjukefråvær i Vestland

28 prosent av alle fråværstilfella skuldast sjukdom i luftvegane.

Høgt sjukefråvær i Vestland
Nav har midlertidig mottak i rådhuset. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Eirin Eriksen Horvei
Eirin Eriksen Horveitorsdag 02. mars 2023 09:46

Sjukdom i luftvegane er ein viktig årsak til at sjukefråværet i fjerde kvartal enda på 5,9 prosent i Vestland, skriv NAV i ei pressemelding.

Sjukefråværet i Bjørnafjorden kommune er høgare enn gjennomsnittet i Vestland og ligg på 6,7 prosent.

Høgast fråvær er Modalen (8,7 prosent), Hyllestad (7,4 prosent) og Øygarden (7,3 prosent).

Ei gruppe som bekymrar

Det legemeldte sjukefråværet i Vestland i fjerde kvartal 2022 ligg på same nivå som i 2021.

28 prosent av alle fråværstilfella skuldast sjukdom i luftvegane.

– Sjukdom i luftvegane er heldigvis ikkje så ofte årsak til langvarig fråvær frå jobb. Eg er meir bekymra for dei som slit med muskel- og skjelettlidingar og psykiske lidingar.

– Det er disse gruppene som må bli følgt opp slik at dei får den hjelpa dei treng for å få betre helse, seier direktør Anne Kverneland Bogsnes i NAV Vestland.

Muskel- og skjelettplager står for 32,3 prosent og psykiske lidingar 23,1 prosent av tapte dagsverk i perioden.

Høgast sjukefråvær i helse

– Helse- og sosialsektoren har høgast fråvær med 8,6 prosent. Sjukdom i luftvegane står for ein del av fråværet, men vi veit jo også at mange slit med muskel- og skjelettplager på grunn av tøff belastning i denne type jobbar, seier Bogsnes.

Verksemder som slit med høgt sjukefråvær kan ta kontakt med NAV for å samarbeide om løysingar.

– Vi tilbyr både digitale tenester, kurs og oppfølging frå NAV Arbeidslivssenter som kan bidra til å forebygge og redusere sjukefråvær, seier Bogsnes.

Les ògBarnehagen reduserte sjukefråværet kraftig - fann nøkkelen til suksessen saman med Nav

Fakta om sjukefråværet i Vestland i fjerde kvartal 2022

  • Høgast fråvær i Modalen (8,7 prosent), Hyllestad (7,4 prosent) og Øygarden (7,3 prosent)
  • Lågast fråvær i Aurland (3,7 prosent) og Gloppen (4,1 prosent)
  • Sjukdom i luftvegane er årsak til 28 prosent av sjukefråværstilfella. Deretter kjem muskel- og skjelettplager med 24,4 prosent og psykiske lidingar med 15,4 prosent.
  • Helse- og sosialsektoren har høgast sjukefråvær med 8,6 prosent.
  • Over 70 prosent av sjukefråvære er kortare enn 16 dagar.
  • Sjukefråværet i Vestland ligg litt over landsgjennomsnittet på 5,7 prosent.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for kun 5 kr i 5 veker

Vi set stor pris på at du vel å abonnera på Midtsiden, det hjelper oss på veg til å kunna dekka endå meir av alt som skjer i Os!

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Moglegheit for fleire brukarar
Les meir og bestill

Etter kampanjen blir abonnementet fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.