Sport | 20. sep. 2018

Holme rauk korsbandet i hard takling

– Eg er tom for tårer, seier Sandviken- og U16-landslagsspelaren, som blant anna mister EM-kvalifiseringa.

Holme rauk korsbandet i hard takling
Madelen Koldal Holme blei skadd måndag kveld. Ho er allereie i varsam opptrening igjen, her saman med storebror Sander Andreas. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 20. sep. 2018 09:40

Madelen Koldal Holme (16) frå Lysefjorden, eit av dei to største fotballtalenta i Hordaland ifølgje BT si ferske kåring, er sett ut av drift, truleg i 6 til 12 månadar.

Skaden kom i ein duell i slutten av kampen mellom Sandviken 2 på 6. plass og opprykkskandidat Fyllingsdalen måndag kveld.

– Eg førte ballen langs venstrekanten då ein Fyllingsdalen-innbytar kom stormande i meg. Ho tok foten eg sto på. I lufta kjentes det ut som om kneet var heilt laust. Eg forsto at landinga ikkje ville bli god. Smertene var så store at eg ikkje klarte å grina, eg berre skreik.

Røntgen på legevakt viste ikkje kva skade ho hadde. På MR på Idrettsmedisinsk Avdeling på Brann Stadion tysdag fekk ho svaret.

– Framre korsband er slite av. I tillegg er kneskåla og leddbandet skadd. Dei skadene vil reparera seg sjølv med kvile, men korsbandet må opererast, seier Madelen til Midtsiden.

Går truleg glipp av både kvalik og EM

Madelen, som avgjorde Norway Cup-finalen i august, debuterte i toppserien i fjor haust og skåra sitt første mål for Sandviken sitt A-lag i vår.

– Dette var ein av mine få kampar med andrelaget. Eg ville visa meg fram, for å kjempa om speletid med A-laget til helga, og følte at eg hadde gjort ein veldig god kamp.

Det sto 0-0 til 77 minutt var spelt. Så kom skaden. Sandviken 2 tapte 0-3.

Holme har spelt fast på landslaget for jenter 16, og i fjor på jenter 15. I oktober skal Noreg spela EM-kvalifisering.

– Smertene er ikkje det verste, det er tanken på alt eg no går glipp av. Speletid i Toppserien og EM-kvalifiseringa. Eg går nok truleg òg glipp av EM i mai, om vi kvalifiserer oss, og heile vårsesongen.

Vil koma tilbake sterkare enn før

Når hevelsen er gått ned, og ho har betre rørsle i foten, blir det gjort klart for operasjon. Så kjem ein lang runde med opptrening.

– Opptreninga er allereie i gang. Eg trener styrke på overkroppen og eg trener den friske foten. Eg vil vera varsam, men eg vil òg gjera alt for å koma tilbake sterkare enn før, både fysisk og psykisk.

Storebror Sander Andreas, som har vore hennar nærmaste støttespelar frå ho var ei lita jente, er framleis tett på.

– Han har allereie bestilt ulike treningsapparat på nett, seier Madelen.

I dag er Madelen heime frå helsefag på Os vgs. Etter lunsj skal ho på sjekk igjen.

– Eg er tom for tårer, og eg kvir meg til å gå på skulen igjen. Men det er klart eg skal tilbake, både der og på banen, seier Madelen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.