Trond Hope blir kjøpmann for ny Rema 1000 i dette planlagte bygget i Kolskogen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy, skisse: utbyggar)

Hope blir kjøpmann i Kolskogen

– Dette blir eit nytt og spennande knutepunkt, seier Trond Hope, som ser fram til å opna Rema 1000-butikk i planlagt nybygg.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I går fortalte vi om den nye planlagte handelsparken i Kolskogen, der Frode Søviknes i samarbeid med Rema Eiendomsutvikling Vest vil bygga 13.000 kvadratmeter ved E39 og komande tunnelinnslag på ny veg til Bergen.

Minst éin av leigetakarane er på plass, Rema 1000 skal inn med sin tredje butikk i Os kommune.

– Ja, det er eg som blir kjøpmann i Kolskogen òg, stadfestar Trond Hope.

Med selskapa Trond Hope AS og Hope Handel AS har han frå før 2 av dei 15 største selskapa i Os, butikkane i Idrettsvegen og ved Kuven stasjon.

Langs gullaksen

Hope er svært nøgd med å sikra seg plass langs E39 nær starten på det som blir ny veg mellom Os og Bergen.

– Når den nye vegen blir ferdig vil nok både folk og trafikk flytta seg rund i Os på ein litt ny måte. Dette ser eg på som ei gullplassering i eit område eg trur vil bli nytt knutepunkt for mange.

Hope samanliknar plasseringa med Rema 1000 på Eidsvåg, som til liks med Rema Kuvenstasjon ligg i eit tidlegare Lidl-lokale.

– Den butikken er blant dei 10 beste i Noreg. Vår plassering er kanskje betre slik avkjørsla skal bli.

– Blir den synleg frå nyevegen?

– Ja. Det kjem jo også an på skilting og kva som skjer med eksisterande bygg i området, men både det nye bygget og butikken skal nok bli godt eksponert mot eksisterande og ny E39.

Ei ny tid for Kolskogen

Kolskogen, Kolskogheiane og Industrivegen har allereie både skule, idrettsplass, barnehagar og handel - i tillegg til industri.

– Med tida kan kanskje Kolskogen koma til å utvikla seg meir i retning handel.

– Tomta har allereie fleire gode naboar og når bygget står klart blir det nok fleire spennande naboar i same hus, seier Hope, som tydelegvis kjenner til fleire aktuelle leigetakarar enn kva han kan seia.

I staden for Lyseparken?

På spørsmål om det komande næringsareaelet i Endelausmarka var vurdert, og om Kolskogen blei eit alternativ, vil ikkje Hope kommentera like mykje.

– Jakten på gode lokalisasjonar er ein kontinuerleg prosess.

– Kva andre tankar og planar vi har hatt, eller har, vil eg ikkje seia noko om.

Fleire saker