Lokal | 27. aug. 2019

– Hopp, kjerring, hopp!

Set opp båtkurs for kvinner: Susan Askvik vil at fleire skal gjera som ho sjølv, ta roret og oppleva fridomskjensla du får når du er åleine på sjøen.

– Hopp, kjerring, hopp!
Når Susan H. Askvik er i båt er det gjerne mannfolka som må hoppa. Spenstige Jonathan Dyrstad er glad for initiativet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 27. aug. 2019 12:42

Susan H. Askvik hadde aldri vore i båt før ho på starten av 90-talet møtte Henrik Askvik frå Askeladden-familien og flytta frå Glasgow til Os.

– Eg likte meg veldig godt i båt frå første stund. Henrik var alltid flink til å visa meg, og eg var interessert i å læra.

– Men det gjekk ikkje lang tid før eg oppdaga at slett ikkje alle har det på den måten. Også når eg har venninner med meg på tur så får eg kommentarar og spørsmål, om eg verkeleg plar køyra båt åleine, seier Susan.

Dropen blei noko ho var vitne til på Bunnpris Vedholmen i sommar.

– Eg såg eit ektepar som skulle legga til land med ein større båt, og gjekk fram på kaien for å ta imot, sånn båtfolk av og til gjer. Ingen fenderar hang ute, men kona sto i det minste klar med tau på hekken. Problemet var at mannen køyrde med baugen inn, kona kunne ikkje hoppa i land då han køyrde på den måten Så roper mannen til kona; «du skulle faen meg gått på kurs!».

– «Seier eg noko no, då kjem ALT» tenkte eg, så eg gjekk og tok meg ein is. Sjølv om det i dette tilfellet var mannen som skulle hatt seg eit kurs, bestemte eg meg for at no var tida moden for å hjelpa fleire kvinnfolk til å køyra båt.

Praktisk innføring

Susan tok fritidsskippersertifikat då familien i 2006 kjøpte seg ein større båt, og dei siste fem åra har ho sjølv halde kurs i båtførarprøven.

– Dagens ungdom er flinke, eg har både gutar og jenter på kurs. Og nokre mødre, men sjeldan og aldri vaksne mannfolk. Det er mange som er fødd tidleg nok til at dei har lov å køyra båt utan båtførarprøve, men mange kvinner som likevel vegrar seg, anten dei har lappen eller ikkje. Dei er gjerne engstelege på det å legga til land, eller redde for å skada båten på ein annan måte.

– Derfor set eg opp eit dagskurs som ikkje fører til båtførarsertifikat. Vi er innom dei viktigaste reglane, men i hovudsak handlar kurset om praktisk handtering av båt. Korleis legga til land, korleis fortøya. Heile kurset er utandørs, i båt. Dei som eventuelt vil ha båtførarprøve utanom, skal få ein hyggeleg pris på dette seinare.

Kurset blir halde i regi av Askeladden Boats, på kaien i Askvik og om bord i ulike Askeladden demobåtar. Susan er instruktør.

– Når vi sel båtar plar eg spørra om kjøpar har tatt båtførarprøven. Eg er glad for at vi får dette tilbodet med innføringskurs for kundar og andre kvinner, men vi skulle nok òg hatt eit kurs for vaksne menn. Vi menn har lett for å føla oss utlærde, men alle bør vera opne for å læra noko om trygg ferdsel, seier Jonathan Dyrstad.

Tryggleik og trivsel

Foreløpig er det sett opp to sekstimarskurs dei komande søndagane. Då Midtsiden snakka med Susan i førre veke var det eine kurset fullteikna.

– Mange lever lykkeleg som passasjer og «førstefender», men dette handlar òg om tryggleik. Kva om mannen din ramlar i sjøen eller blir sjuk? Har du sjanse til å handtera båten?

• Os Seilforening tenkte i same bane i 2013: Kva om styrmannen ramlar uti?

– Men dette handlar òg om det å nyta båtlivet utan å vera avhengig av ein mann. Det å legga frå land åleine, eller med ei venninne, og anten berre køyra eller finna ein god destinasjon, det er ei fridomskjensle som eg unnar alle. Også andre kvinner.

Blir det ein suksess vil det koma fleire kurs, i alle fall til våren igjen.

– Dette med menn som er gamlenok til å køyra lovleg utan sertifikat, men som burde tatt eit kurs for å bli ein betre båtførar, får vi ta ein annan gong.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.