Lokal | 16. feb. 2012

Hopp over bukken

LESARINNLEGG, Laila Marie Reiertsen (Frp): Er uroa over stillesitjande ungdom, vil opna skulen for fleire yrkesgrupper.

Hopp over bukken
Andris Hamretorsdag 16. feb. 2012 14:45

Dagens unge sit meir på baken. Dette er urovekkjande ikkje berre for kvar einskild ungdom men og for samfunnet. Ein veit at auken i sjukdommar både når det gjeld muskel og skjellett samt psykiske lidingar er stor. Med dårleg fysisk helse får ein og ofte dårleg psykisk helse.

Fråfall av ungdom i den vidaregåande skulen er stort. Me får fleire unge uføre. Og sjukefråværet er høgt.

Ein kan vere einig om at meir aktivitet må inn i skulen. Og då rett aktivitet som dei unge likar. Det nyttar ikkje med gamle bukkar der alle opplevde frå tid til annan at ein landa oppå bukken i staden for over. Nei, vi må spela på lag med dei unge. Mange er allereie innom eit treningsstudio og brukar ulike tilbod der. Samstundes har teknologien nådd langt og på andre felt med ulike rørslespel.

Ein må og kunna få bakt inn aktivitet i anna undervisning. Tenk nytt! Ta inn andre som personlege trenarar og dei som driv treningsstudio inn i skuleundervisninga. Andre grupper som Fysioterapeuter/fysioterapistudentar må ønskjast velkomne inn i skulen. Desse for å førebyggje. Andre grupper er dei vaksne som allereie driv med trening av ymse slag. Mange kan vere gode rollemodellar som kan få ungdommen med seg. Ernæringsfysologar er ein anna og viktig gruppe. Kosthald og god helse heng saman.

Ofte kan det vere lettare å ta inn det som utanforståande kjem inn med enn den læraren som og har fleire undervisningsfag.

Me må tora å tenkja nytt. Skulen må opnast for fleire yrkesgrupper. Det fortener ungdommen.

Laila Marie Reiertsen
Stortingsrepresentant FrP

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.