Fotball | 03. jan. 2020

Hordalands største talent: 3 av 10 frå Os

BT har kåra dei ti største fotballtalenta blant jentene i lokalfotballen.

Hordalands største talent: 3 av 10 frå Os
F.v.: Madelen, Nora og Vilde frå Os blir alle sett på som blant dei ti største talenta i Hordaland. (Foto: Kjetil V. Bruarøy, Joakim Maylove Moltzau og privat)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 03. jan. 2020 08:52

Bergens Tidende har i dag publisert ei liste over dei 10 jentene avisa meiner er dei største fotballtalentene i lokalfotballen.

Av desse er det tre frå Os; Madelen Koldal Holme (2002), Nora Blindheim Nøss (2005) og Vilde Drange Veglo (2002).

Madelen, som har vakse opp i Lysekloster il, gjorde i haust comeback etter eit år ute med skade. Ho fekk debuten sin i Toppserien borte med Arna-Bjørnar i ein tøff kamp mot Klepp 2. november.

«Angrepsspiller med herlig teknikk», skriv BT, som har rangert Madelen som nummer 2. Avisa meiner Ida Holm Neset (2003), som er på veg frå Stord til Sandviken, er det aller største talentet i lokalfotballen.

Nora er ein av dei to yngste (fødd i 2005) på lista. Nora speler framleis for moderklubben Os, og er rangert som nmmer 5 av BT.

«Kanskje er dette en av de mest spennende fotballspillerne», meiner BT om den unge, landslagsaktuelle Os-spelaren.

Vilde gjekk frå gute- og damefotball i Os til Sandviken etter fjorårssesongen. Ho får ros av BT for å vera tøff og fysisk sterk, og blir rangert som nummer 9.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.