Debatt | ni timar sidan

Hordfast: Lokalsamfunnet betaler prisen – utan å bli høyrt

DEBATT: Vi har åtvara om dette i mange år.

Hordfast: Lokalsamfunnet betaler prisen – utan å bli høyrt
E39 Stord - Os ser sånn ut i Kolskogen. Ill.: Statens vegvesen
Lesarinnlegg
Lesarinnleggmåndag 29. juni 2026 10:50

Miljøpartiet Dei Grøne har i mange år åtvara om konsekvensane Hordfastprosjektet vil få for Bjørnafjorden. Vi har lest saksdokumenta frå ende til ende, levert konstruktive innspel og peika på kva som er viktig å ta vare på – og kva som bør utbetrast.

Statens vegvesen har aldri vore særleg interessert i dialog eller i å lytte til lokal kunnskap.

Det blå fleirtalet i kommunen, som elles brukar å kjempe for lokalt sjølvstyre med det argumentet at ein lokalt kjenner best kva som er viktig – dei abdiserte.

I ein stygg politisk prosess vedtok dei på overtid å presse gjennom statleg reguleringsplan. Etter at SVV flytta brufestet i Øyane vekk frå Kobbavågen og vegen inn i tunnel, har dei blå partia ikkje brukt ein kalori på å kjempe for eigne innbyggarar.

Dei har berre klappa for all framdrift – sjølv om dei veit at skjærgarden og fjorden aldri blir den same, og at Kuventræ og Kolskogen får redusert kvalitet for all framtid.

I sisnemnde område ligg fleire barnehagar, barneskule, vidaregåande skule, avlastingssenter og sentralidrettsanlegg – eit anlegg bygd med fleire hundre millionar i investeringar, eit utal dugnadstimar og eit hav av idrettsminne.

Det skal no vera næraste nabo til eit massivt veganlegg med firefelts motorveg, utan særleg støyskjerming om vi skal tru illustrasjonane.

Kolskogen: Det vanskelegaste området i heile traseen

Statens vegvesen måtte etter mange år innrømme at Kolskogen var vanskeleg å regulere – det vanskelegaste området i heile strekninga frå Ådland til Svegatjørn. Det hadde ikkje mangla på innspel og åtvaringar frå oss om nettopp dette. Resultatet talar for seg sjølv.

Roklubben får behalde klubbhuset. Men det finst ingen bilveg dit. Berre ein gang- og sykkelveg.

Resten er blokkert av mur og høgt terreng.

Korleis skal ein arrangere meisterskap utan veg og areal, eller berre drive vanleg klubbdrift? Kva med triathlon som arrangerast i Sigurdsviken? MX-klubben er fullstendig radert frå kartet. Der passa det visst best å plassere ein rundkøyring.

Dette er viktige idrettsorganisasjonar med lange røter i kommunen, som over tid har fostra fleire eliteutøvarar.

Begge blir utrydda, og det er langt ifrå sikkert at det er mogleg å finne eigna nytt areal til dei.

Dette har vi åtvara om tydeleg, gjentekne gongar.

Skular, barnehagar og bustader i limbo

To barnehagar blir sanerte. Det går i prinsippet an å bygge opp att andre stader – men kor finn ein eigna tomtar i denne krinsen?

Bjørnafjorden kommune renn ikkje over av raude felt i arealplanen (offentlege føremål i KPA). Grunneigarane tener meir på bustad og næring, og det pregar arealplanen i denne kommunen.

Statens vegvesen vil sanere minst ni einebustader. Samstundes finst det framleis ikkje finansiering til sjølve bygginga av Hordfast.

Dei som vert ramma sit i uvisse i årevis:

Er det verdt å investere i eigen eigedom?

Er det mogleg å selje til sakleg pris?

Kva med tapt verdiauke i åra som kjem?

Kva mental kostnad har dette i kvardagen?

Tre bruer – ingen for mjuke trafikantar

Vi vil ende opp med tre bruer over Ulvenvatnet for bilar. Ingen av dei ser ut til å få gang- og sykkelveg. Mjuke trafikantar må framleis ta ein lang omveg.

Og turvegen rundt heile vatnet – noko eit samla politisk miljø har ønska framdrift på i tiår – får vi heller ingen hjelp med, tvert imot blir det mindre turveg enn i dag.

Dette er summen av det vi sit att med:

Eit lokalsamfunn som aldri vart skikkeleg høyrt, idrettsanlegg som er raserte, barnehagar som er borte, bustadeigarar i limbo – og ingen nye gang- og sykkelvegar å vise til. Berre størst mogleg veg i rettast mogleg linje.

Nils-Anders Nøttseter
Miljøpartiet Dei Grøne

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?