Debatt | 17. okt. 2025

Hotellplanane – kva er eigentleg i det for Os?

Tilsvar til Reidunn Hernes: «What’s in it for Os?»: Hotell-etableringa er i høgaste grad for oss som bur her frå før.

Hotellplanane – kva er eigentleg i det for Os?
Folk har stritta mot både Vindu mot Fjorden, Peppes Pizza-bygget (det lågaste bygget i Os?) og Os Sjøfront. Korleis ville Os sett ut om alle i opposisjon hadde fått viljen sin? spør Bjørkeli. Her er sjøfront-tomta i mars 2008, rett før byggestart. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Lesarinnlegg
Lesarinnleggfredag 17. okt. 2025 11:35

Det er lett å forstå at mange reagerer når eit stort hotell er planlagt midt i sentrum. Uro for utsikt, parkering og byggehøgd er reell og bør møtast med respekt.

Samstundes er det viktig å sjå på kva Os faktisk kan vinna på eit slikt prosjekt – ikkje berre kva som kan gå tapt.

Eit hotell med 200 rom vil gje eit løft for heile sentrum.

Det vil skapa mange nye arbeidsplassar, både i sjølve drifta og hjå lokale leverandørar. Når folk bur, et og møtest i sentrum, får butikkar, kafear og andre verksemder fleire kundar – og sentrum får liv òg etter arbeidstid.

Geir Bjørkeli er utflytta osing, men bryr seg om utviklinga av Osøyro. Foto: Ørjan Håland / Midtsiden (arkiv)
Geir Bjørkeli er utflytta osing, men bryr seg om utviklinga av Osøyro. Foto: Ørjan Håland / Midtsiden (arkiv)

Særleg interessant er koplinga til Oseana.

Kulturhuset har kapasitet til store arrangement, men manglar overnattingsplassar. I dag må mange konferansar og kulturhendingar takka nei fordi det ikkje finst rom i nærleiken.

Med eit hotell vegg i vegg vert Os straks meir aktuelt som vertskap for større, både nasjonale og internasjonale, arrangement. Det vil gje meir aktivitet, fleire gjester og større omsetnad i heile lokalsamfunnet.

Eit hotell vil òg gje betre tilbod for oss som bur her: restaurant, selskapslokale og møteplassar for alt frå bryllaup og konfirmasjonar til næringslivssamlingar og julebord.

At det er parkeringsplassar som går tapt ser dessverre ut til å vera ei utbreidd misforståing.

Denne tomta skulle bli brukt til yttarlegare bustadblokker, men så kjøpte kommunen den for å gi sentrum sjansen til å få eit sentrumsnært hotell. At Oseana og badegjestar har kunna låna denne i over ti år, til parkering, har vore ein bonus, men var aldri målet.

Ja – prosjektet må løysast med omtanke for naboar, trafikk og utsikt.

Men å seia nei til alt som er stort, nytt eller utfordrande, fører oss ikkje framover. Os treng utvikling som skaper arbeid, liv og stoltheit over staden vår.

Så – «What’s in it for Os?»
Svaret er eit meir levande sentrum, fleire arbeidsplassar, fleire besøkjande og eit sterkare grunnlag for både kultur og næringsliv. Det er i høgaste grad for oss.

Med vennleg helsing,

Geir Bjørkeli

Utflytta osing – men ikkje lenger vekke enn at eg framleis bryr meg om livet på Øyro.

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.