Fleire lokalparti hadde valkampopning i Os sentrum laurdag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Hovudbodskapen og tilbakemeldingane

Sånn var aktiviteten hos dei andre som hadde valkampopning i Os sentrum laurdag.

image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Laurdag kom partileiar Siv Jensen til Os for å halda Fremskrittspartiet sin valkampopning i Søviknes sitt utstillingsvindauge.

Samtidig sto fleire lokalparti på stand i Os sentrum for å starta kampen om stemmene i komande Bjørnafjorden kommune.

Vi stilte representantane to spørsmål:
1. Kva er hovudfokuset til ditt parti?
2. Kva spørsmål og kommentarar kjem innbyggarane med på stand?

MDG: Nils-Anders Nøttseter

1. Akkurat i dag feirar vi at Os sentrum er bilfritt, slik vi ønskjer det. 

2. Vi opplever ei langt større interesse for politikkenvår no enn ved førre val. Vi får òg mange gode tilbakemeldingar på at folk synest vi snakkar i klart ordval, vi seier det sånn det er.

SP: Harald Lekven

1. Vi er tydelege på at vi er imot bru over Bjørnafjorden, vi går for indre trasé med raskast mogleg bygging av bru til Fusa, og vi meiner ingenting er avgjort før første spadetak er tatt.

2. Folk spør kven vi vil samarbeida med etter valet, og der er vi pragmatiske. Vi vil samarbeida med dei partia som gir Senterpartiet mest gjennomslag. Kven som blir ordførar er heilt underordna. 

AP: Trine Lindborg

1. Vår hovudbodskap, saman med kjernesakene våre, er at vi vil ha ei endring i kven som styrer kommunen vår, som snart blir større. Vi vil ha kjøkken på Luranetunet, gratis fruksost på skulen og prøva ut leksefri skule.

2. Vi opplever innbyggarane som engasjerte og opne, dei kjem med personlege historiar som fortel oss kvar skoen trykker, korleis vi kan driva kommunen betre enn den er driven i dag.

SV: Asle Olsen

1. Våre viktigaste saker handlar om skule og barnehage, blant anna redusert pris på SFO, leksefri skule og at komande nye barnahagar i Os skal vera kommunale. Vi seier òg nei til bru over Bjørnafjorden, noko SV og MDG på fylkesnivå har stått ganske åleine om dei fleste av desse 10-12 åra Hordfast har vore diskutert.

HØGRE: Marie Lunde Bruarøy

1. Vi ønskjer ikkje å stjela merksemd frå Frp sitt store arrangement, men synest det er greit å vera synlege og tilgjengelege på ein dag som denne. 

2. Dei som besøker standen vår har kome med positive kommentarar, både til programmet vårt, og på måten eg leia Os på då eg var ordførar. Eg likte rolla, og om eg blir valt til ordførar så er det berre dette vervet eg tar på meg.

Fleire saker