Høyringa om høghotellet på Mobergsneset er no over. Kva så?
Etter så mykje negativt - då skulle ein vel tru at dette prosjektet vert lagt på is?


No har alle fått sagt sitt i høyringa om forslaget til Hotell på Mobergsneset.
Det var ikkje mykje positivt i desse innspela til planane!
Alle faglege instansar i Bjørnefjorden kommune og Vestland fylkeskommune som har uttalt seg, er negative til høgda og storleiken på prosjektet.
I tillegg er det mange lovkundige som peikar på vanskar og feil i bruken av plan- og bygningslova, også i høve til lov om folkehelse.
Vi skal ikkje ramsa opp alt det andre som handlar om tap av privatliv, lys, utsikt, vanskelege trafikkforhold, manglande parkering og tap av lokale for Kulturskulen og anna.
Etter så mykje negativt - då skulle ein vel tru at dette prosjektet vert lagt på is? Men nei.
Driv påverknad på alle plan
Hotelldirektøren, som skal driva konferansehotellet med fem stjerner, har nett vore på utdanningsmesse. Der viste han fram teikningane av det flotte hotellet han skal driva om ikkje lenge.
Her kunne han skaffa ungdomane våre arbeid om dei valgte rett utdanning. Sjølv var nesteleiaren og eg i Foreninga Midtskogen vel på ein merkeleg «workshop» for ikkje lenge sidan, arrangert av utbyggarane og Oseana.
Der fekk vi lov til å seia kva vi meiner som er negativt med prosjektet, men vi skulle også finna argument for at dette er eit flott prosjekt for born og ungdom!
Kva born og ungdom skal med eit femstjerners konferansehotell skjønar ikkje vi. Skjønar du?
Til slutt avslutta ordføraren vår med å fortelja om alle prosjekta i Osøyro-området som no skulle bankast i gjennom – helst føre sumaren. Det stadfesta han også i i førre veke på frukostmøte for Bjørnefjorden Næringsråd. Hotellprosjektet skal opp i kommunestyret alt føre sumaren.
Alt er planlagd for lenge sidan – det vi ser no, er berre eit spel for galleriet
Det ser ut til at Frp og Høgre har bestemt seg for at dette prosjektet, og andre, skal gjennom uansett alle argumenta imot. Det er ikkje uventa.
Ordføraren vår var jo på studietur til København alt i 2008 saman med hotelldirektøren. Alt då vart planene lagde. Resten av prosessen fram til i dag har så langt berre våre eit spel om korleis ein skal få det vedteke.
Diverre var fleirtalet i kommunestyret i 2022 naive. Dei ba ordføraren då skriva under på ein opsjonsavtale for hotelltomta.
Fleirtalet den gongen trudde det var tale om eit mindre hotell, ikkje dette monsteret vi no ser. Dei vart nok lurt av mindretalet, som den gongen var Frp og Høgre.
Vi må nok fortsetta kampen etter sumaren også, og det skal vi med alle lovlege middel!
Knut Natvik
styreleiar i Foreninga Midtskogen vel





