Lokal | 14. sep. 2015

Hugs ID - uansett

VIDEO - slik stemmer du! Klokka 10 i dag opnar røystelokala i Os. Du kan stemma utan valkort, men kravet om å visa ID har blitt strengare, om det så er naboen din som sit som vakt.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 14. sep. 2015 07:10

Fredag 11. september, fram til klokka 15, kunne du førehandsstemma til årets kommune- og fylkestingval.

I dag, valdagen, er vallokala opne frå klokka 10.00 til 21.00.

Ta med valkortet du fekk i posten tidlegare i sommar. Om du ikkje finn det kan du likevel stemma.

Men hugs legitimasjon!

– Kravet om å forlanga ID har blitt strengare, og om det så er naboen din, eller fetteren din, som sit som funksjonær i vallokalet, har vedkomande ikkje lov å lata deg stemma utan at du har vist legitimasjon, fortel varaordførar Marie Lunde Bruarøy.

I videoen over får du rettleiing, også om personstemmer/slengjarar.

Vallokala er opne måndag 14. september 2015 frå kl. 10:00 til kl. 21:00.
Du kan røysta i kva lokale du vil, så lenge du var registrert busett i Os kommune 30. juni i år og har stemmerett.

Søfteland krins: Søfteland barneskule
Lysekloster krins: Lysekloster barneskule
Nore Øyane krins: Ungdomshuset Alvheim
Søre Øyane krins: Søre Øyane barneskule
Nore Neset krins: Nore Neset aktivitetshus
Søre Neset krins: Lunde barneskule
Os Vest krins: Kløvertun
Os Aust krins: Luranetunet
Os Nord krins: Os idrettshall
Hegglandsdalen krins: Ungdomshuset Dølatun

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.