Kultur | 04. apr. 2016

Humor og identitet på moteshow

Os Sentrumsforening kjem neste veke med sitt (v)årlege moteshow - denne gong tilbake i Kløvertun, og med desse til å krydra kvelden.

Humor og identitet på moteshow
Frå Damenes aften i haust. Tysdag om ei veke er det moteshow i Kløvertun igjen. (Foto: Cathrin Valestrand)
Kari M. Lyssandmandag 04. apr. 2016 09:19

Tysdag om ei veke er det tid for vårens moteshow av og med Os Sentrumsforening.

Desse showa har blitt veldig populære blant kvinnene i Os og sist vårshow slo sentrumsforeningen til med ein 12 meter lang catwalk i Oseanasalen og to fullsatte arrangement.

Les òg: Nett so' på film (bildeserie og video frå moteshowet i 2015)

– I år har vi litt kortare tid på oss då datoen for showet ikkje blei bestemt før rett før påskeferien. Å arrangera i Oseana er ein litt annan prosess og krever litt meir, det er litt enklare å gjennomføra i Kløvertun og med den korte tida vi har på oss så blir det meir «casual» denne gong, fortel primus motor Tove Tvedt Skarstein.

Også «Damenes aften» i haust blei arrangert i Kløvertun.

Det er sjøvsagt mote som står i fokus, og i år blir det vist sommarmoter frå Instinct, Madam Ane, sko frå Moberg Sko, lausvipper frå Kali og briller frå Interoptik Bakketeig.

Men arrangementet byr på mykje meir.

Mote: Reise

Jentene frå Travelnet Os Reisebyrå er med for første gang. Dei stiller med heimelaga kaker og kaffi og har invitert ein person frå selskapet Royal Carribean Cruiseline som kjem frå Oslo til til Os for å fortelja om forlokkande reiser med cruiseskipa deira rundt om i verda.

– Det var veldig kjekt at reisebyrået ville vera med, dei tente på ideen med ein gong.

– Og eg hadde ikkje klart å få dette til uten resten av teamet som er med. Alle stiller opp og arbeider dugnad og dei lokale modellene våre er klare som alltid, dei er så sporty og sa ja på strak arm.

Dikt og identitet

Foredragshaldar denne kvelden er Mette Fagerli. Ho vil snakka om identitet, om korleis vi gjennom måten vi kler oss skaper vår identitet.

Bente Bratlund er på plass og vil, med sine levande forteljingar og dikt, gje publikum ein smakebit på korleis det er å vera ho i prøverommet.

– Bente har nokre fantastiske forteljingar frå prøverommet og om desse "englevingene" vi damer er så opptatt av.

Meir humor

I fjor vår var det Anne Marie Aarøen Vangsnes som brillierte som konfransier i Oseana, og Skarstein kan avsløra at det blir mykje humor også denne gong.

– Vi har vore så heldig å få med oss Linda Nytræ. Ho kjem nok ikkje som Linda, men som ein av rollefigurane sine frå revyane ho har vore med på, seier Tove lurt.

Måndag opnar billettsalet og Tove ventar eit storinnrykk i butikken S. Tvedt frå damer som er klarer for show.

– Etter at vi la ut arrangementet har eg mellom anna blitt kontakta av folk i Syden som har bedt meg om å reservera billettar til dei kjem seg heim, så dette blir bra.

– Eg gler meg veldig, nett som ein liten unge, ler Tove.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.