Fotball | 03. mai 2021

Huseklepp: – Denne perioden vil definera Olis

Årets spelar i fjor på benken i generalprøven.

Huseklepp: – Denne perioden vil definera Olis
Ole Martin Kolskogen har spelt seks av sju treningskampar denne vinteren, men fekk ikkje spela i generalprøven til Brann før seriestart neste helg. (Foto: Ørjan Håland)
Ørjan Håland
Ørjan Hålandmandag 03. mai 2021 19:13 - Sist oppdatert 03. mai 2021

Ole Martin «Olis» Kolskogen har starta heile seks av sju treningskampar for Brann denne oppkøyringa. Brann sine resultat har vore skuffande, med svakt spel og dårlege resultat.

I generalprøven før seriestarten 9. mai, der Brann skal spela borte mot Viking, fekk Olis ingen speletid og Brann vann 1-0 mot Åsane.

– Olis har starta seks av sju treningskampar, men han fekk ikkje spela den viktigaste, altså generalprøven før seriestart, påpeiker fotballekspert Erik Huseklepp.

Branntrenar, Kåre Ingebrigtsen, valde å ikkje gje speletid til Ole Martin Kolskogen i generalprøven mot Åsane. (Foto: ØH)
Branntrenar, Kåre Ingebrigtsen, valde å ikkje gje speletid til Ole Martin Kolskogen i generalprøven mot Åsane. (Foto: ØH)

Klokketru på Olis

Sjølv om Brann og Olis har fått ein litt hard start på året, med svake resultat og kritikk i media, har ikkje Huseklepp mista trua på Olis.

– Eg har klokketru på Olis, og veit at han kjem til å bli ein veldig god fotballspelar. Men denne vinteren har vore litt tung for han.

– Det har blitt for mange negative opplevingar på rad, Nokre av dei handlar om personlege feil, andre handlar rett og slett om at Brann ikkje har klart å strukturera laget sitt når dei har vore i forsvar, forklarer Huseklepp.

Erik Huseklepp har stor tru på Olis. (Foto: ØH)
Erik Huseklepp har stor tru på Olis. (Foto: ØH)

Utfordrarposisjon

Vidare fortel Huseklepp om si oppleving av Olis i vinter, og kva han sjølv trur kan venta ungguten i frå Os.

– Han hadde ein fantastisk flott sesong i fjor, med mange flotte opplevingar. Han beviste at han har eit stort potensiale. Eg trur ikkje Olis har noko vondt av å vera i ei slags utfordrarposisjon no inn mot starten av årets sesong.

– Kolskogen sin nærmaste konkurrent, Ruben Kristiansen, har kome inn og spelt ein og ein halv omgang i dei to siste kampane til Brann og gjort ein svært solid jobb.

Huseklepp meiner også at laguttaket til seriestart ikkje er tatt enno, og at det sjølvsagt er mogleg at Olis startar.

– Eg har inntrykk av at sjølvtilliten hans har blitt litt svekka i det siste, og difor trur eg det kan vera eit fornuftig val av Brann å velja Kristiansen foran Olis i starten av sesongen.

Olis på mølla på Actic Os. (Foto: ØH)
Olis på mølla på Actic Os. (Foto: ØH)

Avgjerande periode

Huseklepp er klar og tydeleg på at det er slike periodar som kjem til å avgjera kva type karriere Olis kjem til å få.

– Som i fotball og alt anna her i verda, så går det ikkje alltid på skinner. Nokre gongar vel trenaren å satsa på nokon andre enn deg sjølv, og det er måten du taklar slike periodar på som vil definera deg som spelar.

– Klarer Olis å fokusera på seg sjølv i denne perioden, og ha fokus på dei tinga han kan jobba med for å bli betre, så kjem sjansane, og då er han klar for å prestera.

– Det er lett å vera fotballspelar når du lykkast og laget vinn, men det er kva du gjer når du møter motgang som vil avgjera kor god karriere du vil få, avsluttar Huseklepp.

Har tru på mykje speletid

Hovudpersonen sjølv er trygg på seg sjølv og tar det heile med knusande ro.

– Dei som følgjer meg tett og som har fulgt meg det siste året, har sett at eg har tatt steg, både på og utanfor banen. Eg trenar godt, men det vil alltid vera resultat som avgjer om du får spela eller ikkje. Uansett har eg stor tru på mykje speletid i år.

– Personleg meiner eg at eg bør spela, det står eg for, seier Kolskogen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.