Naudlandinga på Haugland 1944-2019

Hylla heltemot på Haugland

75 år sidan naudlandinga: – Takk for at de held liv i minnet.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Denne helga har 75-årsjubileet til redningsaksjonen i Os under andre verdskrig blitt markert i tre dagar.

Fredag gjekk over 50 gjestar frå Canada første del av fluktruta til fots og med båt (sjå video), laurdag var det opne båtar i Os hamn og ope arrangement på Baggane på Haugland, der Wellington-flyet naudlanda.

Trass i at tyskarane hadde fått kommande om å skyta både havaristane frå Canada, og alle som hjelpte dei, var fleire titals familiar involverte i å skjula, flytta og hjelpa kanadiarane. Ingen tysta, okkupasjonsmakta fekk ikkje eit halmstrå å jobba vidare med i løpet av nesten tre veker - eller i tida etterpå.

Fleire hundre osingar møtte fram for å høyra og landinga og flukta - og for å få med seg talane av dei militære gjestane.

Lisbeth Axelsen og ordførar Terje Søviknes ønskte velkomen og Gaute Dyrdal frå Os Sogelag fortalte om naudlandinga før gjestane fekk ordet.

Sjå talane i videoen over.

Kommandør Åsmund Andersen fortalte om suksessen med «shetlandsbussane» og viste respekt for den innsatsen nordmenn ytte under krigen.

– Vi er takksame til evig tid for det heltemotet som blei utvist av både motstandsfolk og sivile, sa forsvarsattaché oberst Jeff Drummond.

– Så mange personar er i dag knytt saman av denne hendinga, desse vekene i Os og Samnanger. Vi vil visa vår djupaste respekt, sa oberstløytnant Patrick Castonguay, commandant for dagens 407-skvadron, flankert av chief warrant officer Serge Harvey.

Dei hadde med seg ein plakett frå Royal Canadian Airforce til jubileet.

Siste talar var Rick Firestone, ein av sønene til Harvey Firestone, den einaste av dei seks kanadiarane som framleis er i live.

– Nyleg sa far min til meg «vi trudde vi hadde landa blant framande, det viste seg at vi hadde landa blant venar», sa ein kjensleladd Firestone, og takka osingane for at dei held liv i minnet.

Bjørn West stilte med flaggborg, Søre Neset Musikklag spelte. Seremonien blei avsluttamed overflyging av eit Orion, som kom inn over Haugland omtrent på same kurs som det kanadiske Wellington-flyet gjorde for 75 år sidan.

Søndag deltok over 300 i marsj til Botnahytta, der kanadiarane blei haldne skjulte i over ei veke. Vi kjem med eiga sak om turmarsjen.

Fleire saker