Kultur | 02. juni 2016

Hyllar dommaren

– Eg fekk telefonen frå «Else» på torsdag, fredag var eg på plass for å spela inn låten, fortel Eirik Søfteland.

Hyllar dommaren
Eirik Søfteland hylla Svein Oddvar Moen i «Det er lov å vera blid med Else» (skjermskot frå videoen)
Kari M. Lyssandtorsdag 02. juni 2016 18:35

Det norske landslaget kom seg ikkje til fotball-EM i år heller, men Else Kåss Furuseth har funne ein annan kar som har klart det, og ville laga ein hyllest-song til han.

Dommaren Svein Oddvar Moen blir Noregs representant i årets EM og til å spela inn låta som skal hylla han fekk Else tak i vår eigen Eirik Søfteland.

Sjå videoen her

– Eg sa ja med éin gong, uten å veta meir enn at det var ein song til Moen. Han er ein av dei flinkaste dommarane vi har og det er alltid alle andre enn dommarane som blir hylla, fortel den fotballinteresserte musikaren om innslaget i «Det er lov å være blid med Else».

Effektiv innspeling

Eirik sitt oppdrag var fort over, frå han fekk beskjeden torsdag til fredag ettermiddag då var songen ferdig spelt inn i studio.

– Det var kjempekjekt! Det er effektivt og gøy å laga TV.

Sjølv har han ein fotballkarriere på 7-arlaget til både Os og Nore Neset, og kan skryta av eit år som sesongens toppscorar.

– Men eg var for lat, innrømmer han og ler.

Ihuga ManU-supportar

Interessa for fotball har han halde ved og sidan midten på 90-talet har Eirik vore ihuga Manchester United-supportar.

– Når Noreg no ikkje er med så er eg jo veldig glad i engelsk fotball og det er lenge sidan dei har fått til noko internasjonalt, så eg håper at dei gjer det bra i EM.

Eirik vil uansett følga godt med på EM og håpar at folk sjekker ut når «vår» nordmann er på banen og støtter han fysisk.

Musikkvideoen finn du på Facebooksida til TV2 programmet «Det er lov å være blid med Else» og videoen, som blei lagt ut onsdag, har no passert 50.000 visningar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.