Kultur | 05. juli 2020

Hyllar faren sin og resten av Brukameratane med denne videoen

– Verdt å dokumentera, synest Anders Fløysand frå Varde Film.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 05. juli 2020 11:41

Denne våren har eit nytt bygg, gjennomført i eldgamal byggeskikk, blitt oppført på Borgafjellet.

Gapahuken er gitt i gåve til Os Turlag, og kan nyttast av alle.

Bak byggverket står Harald Døsen, Peder Føysand og Bernt Norevik. Dei tre kameratane har hatt dette som hobby nokre år no, å legga til rette for friluftsfolk, frå dei som «Brukameratane» fekk realisert Knutabruo.

Seinare har det vore både vedlikehald, hogst og fleire bygg i same terreng. No har dei gått i høgda, og Peder sin son, Anders Fløysand i Varde Film, har funne fram kamera.

– Eg er vant med at far min har høg aktivitet med ulike prosjekt, og glad for at desse tre pensjonistane har det så kjekt saman, seier Anders.

– Det er dessutan stas at resultata av desse prosjekta er noko mange kan ha glede av.

Varde Film har gjort fleire opptak. Videoen dei la ut i dag er ein kortversjon.

– Eg synest dette med at dei tar ut tømmer sjølv, prosessen tømmeret er gjennom - og det at dei held gamal byggeskikk ved like, er veldig interessant. Både aktiviteten og bygginga er verdt å dokumentera, samtidig ville vi legga ut ein liten hyllest til desse tre som gjer ein innsats for mange.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.