Næringsliv | 09. juni 2015

Hytte i Os selt for over 16 millionar!

Denne luksuseigedomen i Sørstrøno blei i dag selt for over prisantyding.

Hytte i Os selt for over 16 millionar!
På ei 7,2 mål stor tomt med strandlinje i Sørstrøno  ligg denne fine hytta. No er den selt for over 16 millionar kroner. (Foto: Morten Pedersen/Inviso)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 09. juni 2015 11:20

Ei hytte med naust, bygd i Sørstrøno i 2003, har fått ny eigar.

Eigedomen har eit bruksareal på 312 kvadratmeter og ligg på ei 7,2 mål stor tomt med lang strandlinje.

Selt i dag

Søndag var første vising på eigedomen, i dag blei den markert som selt.

– Vi har ikkje hatt kontraktsmøte enno, så eg vil førebels ikkje kommentera saka noko meir enn at eg kan stadfesta at eigedomen er selt.

– Salet blei gjennomført for nokre få timar sidan, fortel meklar Hugo Førde i DNB Residens.

Over 16 millionar

Prisantydinga var på 16 millionar kroner.

Førde vil ikkje kommentera om det var bodrunde på eigedomen, men seier den gjekk over prisantyding.

– Kjøpar er frå Hordaland, fortel han.

Oppdatert: Kjøpesummen var 17,5 millionar. Kjøpar er Herman Friel

Blant dei dyraste i Noreg

På lista over fritidsbustadar for sal i Noreg låg den fine eigedomen i Sørstrøno på 13. plass rangert etter pris.

Dette er ikkje den dyraste Os har å by på for tida, rett rundt neset og under Strønobrua ligg Tjoholmen.

I 2013 blei hytta, som ligg på ein holme for seg sjølv (også kalla Munchholmen), lagt ut for 25 millionar kroner.

No ligg den for sal til 19,5 millionar, noko som i skrivande stund er den 6. dyraste fritidseigedomen i Noreg.

Skal ikkje selja huset

Hytta som no er selt på Sørstrøno er eigd av lokalpolitikar Eirik Neverdal.

Neverdal la i 2012 ut den flotte eigedomen sin i Solstrandvegen for sal for 18 millionar kroner. Den blei ikkje selt.

– Det var eg som var meklar på den òg. Bustaden blir nok ikkje lagt ut for sal igjen med det første, seier Førde.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.