Lokal | 18. apr. 2019

I 90 med frivillig-Håkon

I dag fyller Håkon Drange 90 år - i kvardagen er han i full aktivitet som frivillig hjelpar på Luranetunet.

I 90 med frivillig-Håkon
I dag fyller Håkon Drange 90 år - i kvardagen er han ein viktig del av det frivillige arbeidet på Luranetunet. (Foto: Os kommune)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightorsdag 18. apr. 2019 07:51

Aktivitetskoordinator Grete Byrkjeland i kultureininga i Os kommune fortel at Håkon Drange har vore med som frivillig i mange år.

– Han gjer ein flott innsats, mellom anna på det faste arrangementet Luraneslåtten i Tropehagen. Drange stiller trufast opp annankvar torsdag, han både riggar og ryddar og syt for servering i pausen.

– Dessutan er han god til å prata med folk og passa på at alle har det bra. Det er viktig! seier Byrkjeland.

Manglar det nokon til å leia det heile, trør Håkon til

Byrkjeland fortel at Luraneslåtten er eit samarbeid mellom personale, pårørande, Den kulturelle spaserstokken, kultureininga og – ikkje minst – frivillige hjelparar som Håkon Drange. Merethe Hovden er musikalsk leiar i arbeidet.

– Målet med Luraneslåtten er å få til ein aktivitet som inneheld både musikk og bevegelse, og som gir gode opplevingar i form av meistring, glede, samspel og kontakt mellom folk.

– Med rundt 75 deltakarar kvar gong er det ingen tvil om at dei frivillige sin innsats kjem vel med. Dersom det skulle mangla nokon til å leia det heile, trør gjerne Håkon Drange til, fortel Byrkjeland.

Vi vil gjerne nytta høvet til å helsa til jubilanten og takka frå alle på kultureininga og Luranetunet og gratulera med den store dagen.

– Vi er stolte og glade over å ha den spreke 90-åringen i vårt frivilligteam på Luraneslåtten.

Midtsiden stiller seg bak gratulasjonane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for kun 5 kr i 5 veker

Vi set stor pris på at du vel å abonnera på Midtsiden, det hjelper oss på veg til å kunna dekka endå meir av alt som skjer i Os!

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Moglegheit for fleire brukarar
Les meir og bestill

Etter kampanjen blir abonnementet fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.