Lokal | 06. des. 2020

I arresten etter brot på besøksforbod

Blir truleg framstilt for varetekt i morgon.

I arresten etter brot på besøksforbod
Mistenkte framsto som lettare rusa, og blei sjekka på legevakten før avreise til arrest i Bergen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 06. des. 2020 09:22

Laurdag i 22-tida blei ein mann pågripen, mistenkt for brot på besøksforbod.

Mannen framsto som lettare rusa, og blei køyrd oppom legevakten på Moberg på veg til arresten.

– Han er ilagt besøksforbod mot ein privatperson. Besøksforbodet har vore gyldig i lengre tid, men har vore brote fleire gongar, fortel politioverbetjent Christine Grindstein.

Gårsdagens brot på besøksforbodet var ved fysisk oppmøte på adressa.

Mistenkte, ein mann i slutten av 20-åra, blir truleg framstilt for varetektsfengsling i morgon.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.