Lokal | 05. apr. 2016

I dag forsvann minibanken og nattsafen

DNB har no flytta heilt ut av Brugata. Tre tilsette hadde i går sin første arbeidsdag ved kontoret i Laguneparken.

I dag forsvann minibanken og nattsafen
To raude plater, den eine med noko misvisande tekst, dekkar hola der minibanken og nattsafen til DNB sto plassert. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 05. apr. 2016 13:17

Bildeserie:

Safe og minibank på veg til by'n. (Foto: KVB)
Safe og minibank på veg til by'n. (Foto: KVB)
Fredag 1. april blei siste dag. Berre DNB Eiendom blir igjen i lokalet. (Foto: KVB)
Fredag 1. april blei siste dag. Berre DNB Eiendom blir igjen i lokalet. (Foto: KVB)
1 av 2
Safe og minibank på veg til by'n. (Foto: KVB)
Fredag 1. april blei siste dag. Berre DNB Eiendom blir igjen i lokalet. (Foto: KVB)

I starten på februar blei det kjent at DNB ville legga ned filialen på Os. Fredag 1. april blei siste arbeidsdag i Brugata for dei tilsette ved avdelinga.

– Dei tre som har valt å bli med oss vidare hadde i går sin første dag i Laguneparken, fortel banksjef i DNB Fana og Os, May Sissel Syslak til Midtsiden.

Ho synest avviklinga på Os har gått fint.

– Vi har hatt samtalar med mange av kundane våre og har fleire vi vil ta kontakt med. Vi har òg hatt fleire på nettbank-kurs, til saman 50 kundar fordelt på 5 kurs.

Måndag var Syslak sjølv med på å rydda ut av lokalet i Brugata i Os sentrum. Då gav dei blant anna vekk møblar til ulike lag og organisasjonar.

– Det var vemodig, men samtidig litt hyggeleg å kunna hjelpa andre.

Også minibank og nattsafe er fjerna

I dag blei også minibanken og nattsafen fjerna frå lokalet, noko som ikkje gjekk fram av pressemeldinga i februar.

– Også her har bruken gått kraftig ned. Vi har dessutan fått nye tilbod med Post i butikk og Bank i butikk, og sidan vi legg ned filialen trekk vi oss heilt ut av lokalet.

– Nattsafe har vi frramleis i Os, på Amfisenteret, men den i Os sentrum blir fjerna.

Noko aktivitet, og DNB-logoen, kjem likevel framleis til å bli verande – DNB Eiendom si avdeling på Os skal ikkje leggast ned.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.