I dag kom den høge alarmen på mobilen din. Dette er grunnen.
Mellom klokka 11.55 og 12.10 i dag, onsdag 10. juni, ulte mobiltelefonar og tyfonar over heile landet.


Den sireneaktige lyden frå telefonen din varte i rundt 10 sekund, og kom saman med ei melding som som informerte om at det denne gongen berre er snakk om ein test.
Det er politiet som sender ut Nødvarsel på mobil.
Kjenner du lydsignalet?
Samsundes testa Sivilforsvaret tyfonane.
Det var tre seriar med tuting med eitt minutt opphald mellom seriane. Dette lydsignalet heiter «Viktig melding – søk informasjon», og betyr at du skal orientere deg.
– Informasjon om kva som skjer og korleis du skal forhalde deg blir gitt gjennom ulike media, for eksempel radio, tv, myndigheitene sine nettsider og sosiale medier, seier norske myndigheiter på Nodvarsel.no
Den planlagte testen er for å sjekke at systema fungerer og for at folk skal kjenne igjen varslinga.
Ingen varsel ved flymodus
– Del gjerne informasjon om varslingsprøven med dine næraste, sånn at flest mogeleg er førebudd og veit at dette berre er ein test, sa kommunen.
Testen blir sendt ut til alle delar av landet. Dersom du ikkje ønsker å motta varselet på telefonen, må du skru av telefonen eller sette han i flymodus før klokka 11.55.
Varslingsprøvar med tyfonar og mobilvarsel blir gjennomførte to gonger i året for å styrke beredskapen og gjera befolkninga kjent med korleis systemet fungerer.
Skal varsle akutt fare
Nødvarsel på mobil kan brukast for å varsle om hendingar på nasjonalt, regionalt eller lokalt nivå.
I fjor sendte politiet ut reelle varsel til deler av befolkinga i samband med seks ulike hendingar, ifølge NRK. Dette omfatta handingar som brann med farleg røyk, funn av bombe, granateksplosjon, og uvær som gjorde det farleg å opphalde seg ute.
I Norge finst det rundt 1.250 sireneanlegg som skal varsle befolkinga gjennom lydsignal ved akutt fare.
Under krig kan varslingsanlegga brukast ved fare for flyangrep. I fredstid kan varsling mellom anna vere aktuelt ved ulykker ved industrianlegg med utslipp av giftige eller farlige stoff.