I dag kjem plussgradane tilbake
Første periode med vintervêr er snart over.


Søndag kveld blei første økt med salting på dei kommunale vegane denne sesongen, veka heldt fram med minusgradar og glatte fortau her og der.
Med rim på bakken og snø i fjella rundt Os har vinterstemninga kome snikande.
Vibecke Olsen, som har tatt bildet over, tok på seg piggsko for å oppleva motbakke og snø på Linken tysdag formiddag. Då tok ho desse filmsnuttane:
Men i dag skal temperaturen ned frå éin minus til fire pluss.
Det er meldt nedbør frå 12-tida, sludd først, så regn utover ettermiddag og kveld.
Laurdag er det venta nedbør mesteparten av dagen. Temperaturen skal auka vidare til 7-8 varmegradar.
Søndag formiddag skal det letta. Det er meldt opphaldsvêr resten av søndagen fram til måndag kveld.
Tysdag og onsdag er det meldt lettskya, sol og kaldare. Då kan vi òg få minusgradar igjen.
- Sjå detaljert vêrmelding for Osøyro på Windy.com





