Næringsliv | 21. sep. 2020

I dag såg vi 10-talet

... men er konkurransen i Os mindre hard enn før?

I dag såg vi 10-talet
Drivstoffprisane var uvanleg låge i Os i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 21. sep. 2020 09:41

Måndag formiddag gjekk drivstoffprisane ned, og hos UnoX i rundkøyringa mellom E39 og Industrivegen kosta ein liter diesel berre 10,85 kroner per liter.

Hos Esso og Y/X i Os sentrum, som har rabattkort som sender literprisen under 11, var prisen 11,15. Hos Y/X på Røykenes var dei til slutt nede i 11 blank.

– Vi har justert prisen opp til 15,00 no. Eg reknar med at UnoX held prisen ned eit par timar til, seier Erling Andersen hos Er-An Y/X på Røykenes.

I sentrum var prisen 11,15 kroner per liter diesel. (Foto: KVB)
I sentrum var prisen 11,15 kroner per liter diesel. (Foto: KVB)

– Er det første gong vi ser 10-talet i år?

– Nei. Det var nokre gongar i vår, i starten på pandemien, då oljeprisen var nede i 10 dollar fatet kom det jo naturleg.

– Kva har det å seia for omsetnaden?

– Folk fyller jo tanken når prisane er låge, og vi ser at enkelte fyller berre ein liten skvett når prisane nett har gått opp, så det er mange som følgjer med.

Prisane blir justerte og frå sentralt hald.

Mindre intens priskrig enn før?

– Er det fast med oppjustering klokka 10 eller 11 kvar måndag og torsdag?

– Det var sånn for eit par år sidan, men no kan det variera meir, med 2-3 oppjusteringar i veka. Førre måndag var det ingen oppjustering.

– Vi har prisbevisste lesarar som fortel at Os har tapt seg som priskrig-bygd etter at Best la ned, at det no ofte er billigare å fylla i Bergen eller til og med på Tysnes. Første veka i juli var det, ifølgje Drivstoff-appen, heile 70 stasjonar i gamle Hordaland fylke som hadde lågare pris enn stasjonane på Os. Opplever du at priskrigen er mindre intens enn før?

Svein Tveit køyrde fram til våren 2019 daglege patruljar for at Best skulle vera konkurransedyktig. (Foto: KVB)
Svein Tveit køyrde fram til våren 2019 daglege patruljar for at Best skulle vera konkurransedyktig. (Foto: KVB)

– Prisane våre blir styrt av kva som skjer i Os sentrum, prisane i Skjoldskiftet konkurrerer i bergensmarknaden.

– Men det er naturleg at det er mindre konkurranse i Os, når vi har gått ned frå fire selskap til to etter at Circle K/Statoil og Best har lagt ned.

Andersen fortel at priskrig er med på å skapa auka omsetnad, òg på andre varer.

– Det hender vi har kampanjar på andre varer òg, men der er kampanjeperioden meir bestemt, som i dag når eg får inn fire paller med brus som skal seljast svært billig.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.