Næringsliv | 18. des. 2012

I drift i nytt lokale

I går opna Steinsenteret ein over 1000 kvadratmeter stor butikk i Kolskogen, med delar av utandørsvarene montert innandørs.

I drift i nytt lokale
Murar Stig Hansen ved den nye utandørsutstillinga i butikken i Kolskogen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 18. des. 2012 09:09

– Vi flytta kassaapparatet allereie laurdag, så det blei ei snikopning i helga, seier murar Stig Hansen.

Han er butikksjef i det som truleg er Vestlandets største steinsenter saman med Leif Jarle Hansen.

Les òg: Steinsenteret på flyttefot (med bildeserie veka før opning)

– Laurdag hadde vi ope i begge butikkar, både den gamle og den nye, i dag ryddar vi vekk siste rest frå lokalet og tomta på Gudriflaten.

Opningsfest i januar

Steinsenteret brukte litt meir tid enn planlagt på å få ferdig den nye butikken, og sjølv om den har eit greit utval av potensielle julegåver til far, ventar Hansen ein roleg start.

– Det var bra med folk her både på laurdag og i går ettermiddag, men folk har nok annan type handel i hovudet akkurat desse siste dagane før jul.

– Derfor sparer vi litt på krutet og venter til midten av januar med sjølve opningsfesten.

Omnar, verktøy, fliseutstilling - og ei stor utstilling av stein og varer til utandørs bruk er på plass.

Men litt påfyll av varer, og siste rest på barneparkeringa, står igjen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.