Lokal | 13. jan. 2012

I fjellveggen på glatten

Politiet åtvarar mot glatte sidevegar i Os. Ved Amfisenteret gjekk det gale.

I fjellveggen på glatten
BMW-en fekk ein god bulk i fronten. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 13. jan. 2012 22:04

To personar blei frakta til legevakt med ambulanse etter ei utforkjøring i Prestegardskogen ved AMFI Os fredag kveld.

– Det var to ungdomar i bilen. Dei to såg ikkje ut til å vera skadd, men blei med ambulansen til lokal legevakt for sjekk, seier politibetjent Kenneth Rastad til Midtsiden.no.

Ulykka skjedde i 20.20-tida. Politi, brannvesen og ambulanse rykte ut.

Bilen, ein BMW stasjonsvogn, hadde retning frå Prestegardsskogen/Gudrihaugen mot Byvegen då den hamna i fjellveggen på motsett side. Bilen snudde seg halvvegs rundt sidelengs i samanstøyten.

– Det er ikkje mistanke om verken promille eller høg fart. Det er glatt ute og folk bør vera varsame, seier Rastad.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.