– I internasjonal toppklasse!
Os Hundeklubb fylte kunstgraset med hinder og hundar. Årets VM-dommar hyllar arrangementet.


Bildeserie:
I 2015 arrangerte Os Hundeklubb eit vellykka agilitystemne på Kyrkjeflaten i Os sentrum (sjå videoreportasje), i fjor utvida dei Os Agilityfestival og heile 140 hundar møtte til stemne på Kuventræ.
– I år kolliderte det med eit stemne i Stavanger. Vi hadde likevel 110 hundar som stilte, og tilreisande deltakarar frå blant anna Ålesund og Moss, fortel Simon Noel frå Os Hundeklubb.
– Vi er strålande nøgd. Det blir eit lite overskot til klubben, men det er ikkje det viktigaste. Her har vi låg påmeldingsavgift, høgare pengepremiar enn nokon andre i Noreg og fokus på å laga eit best mogleg stemne. Vi vil rett og slett skapa litt magi, seier han om ambisjonane.
To VM-dommarar
Til årets stemne hadde arrangøren utvida frå tre til fire dommarar, éin frå Fana, éin frå Tyskland, fjorårsdommar i VM frå Spania og ein av årets dommarar i VM, frå Tjekkia.
«Det var ein av dei beste konkurransane eg nokosinne har vore på. Ein så god atmosfære, så hyggelege menneske og så mange nye vennar» skriv VM-dommar Petr Pupík som ei helsing til Os Hundeklubb.
– Både dommarar, deltakarar og arrangørar har hatt ei fin helg og ei god oppleving med spennande utfordringar i løypene. Vi er takksam for deltakinga, og spesielt takksam for lokal velvilje i Os.
– Hadde ikkje klart det utan Osbadet og Os Turn
Årets agilityfestival måtte flyttast frå gras til kunstgras.
– Både i fjor og i år har vi fått uvurderleg god mottaking både av Osbadet KF, som driftar den kommunale Os Idrettspark, og av Os Turnforening, både friidrett og fotball.
Frå fotballen stilte «kioskdamene» Solfrid Vernøy og Annette Kleppe opp og heldt kiosken open til langt på kveld. Ekteparet Kleppe gjekk 100 prosent inn i rolla og tok med bubil og overnatta på Kuventræ gjennom helga.
Men så kom ei ekstra utfordring; snø.
– Kastefeltet vi brukte i fjor besto fredag av ei blaut grasmatte. Osbadet var raske med å gje oss løyve til å bruka kunstgraset, og både vi som arrangørar og deltakarane hadde fokus på at kunstgraset skulle leverast tilbake i same tilstand som då første hund sette potane på matta.
– Utan denne velvilja på Kuventræ kunne vi aldri arrangert dette fine stemnet, seier Simon.
Helga blei toppa med lokal finalesiger!
Elisabeth Vange, som er instruktør ved Fjellanger Hundeskole og medlem i Os Hundeklubb, vann 1. plass og 5000 kroner for sigeren i klassen for mellomstore hundar med sin eigen «Candy».
Tar kanskje pause i 2018
– Under evalueringa i etterkant har vi vurdert å ta pause i 2018 og køyra ny festival i 2019.
– Det er eit stort arrangement, og vi ønskjer å halda kvaliteten oppe, så kanskje annakvart år er nok, seier Noel.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for kun 5 kr i 5 veker
Vi set stor pris på at du vel å abonnera på Midtsiden, det hjelper oss på veg til å kunna dekka endå meir av alt som skjer i Os!
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Moglegheit for fleire brukarar
Etter kampanjen blir abonnementet fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.