Kultur | 13. jan. 2014

I klassequizen på NRK

Enya Johnsen, Henrik Birkeli og Benjamin Johnsen starta måndagen med å svara på 12 spørsmål på direktesendt radio.

I klassequizen på NRK
F.v.: Enya, Henrik og Benjamin under dagens quiz. (Foto: NRK Hordaland)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 13. jan. 2014 08:53

Medan Enya, Henrik og Benjamin var i grupperom med Marte Rommetveit frå NRK Hordaland, sat dei andre 10. klassingane ved Nore Neset skule og lytta til korleis dei tre medelevane klarte seg.

– Vi skal ut til 27 skular i Hordaland, Nore Neset er den einaste i Os som har meldt seg på, fortel Rommetveit, som no er på veg til Ytrebygda skule.

Nore Neset skule, som også deltok i klassequizen i fjor, var 5. skule ut i årets quiz.

8 av 12 rette

Dei tre elevane frå Nore Neset måtte svara på spørsmål i tre kategoriar; knappar, bokstaven O og bilde, fire i kvar kategori.

Elevane visste blant anna at uttrykket "knappar og glansbilde" betyr dårleg betalt, at den amerikanske byen Columbus ligg i Ohio og at Leonardo da Vinci har malt Mona Lisa.

Men dei missa på årstalet for OL i Oslo, som var i 1952, ikkje i 1956.

– 8 av 12 er bra, men sidan vi allereie har skular som har 9 og 10 rette blir det ikkje finaleplass på norenesingane, seier Marte.

denne sida på NRK.no kan du lytta til radio og ved å velja sendinga frå klokka 08:33 får du med deg Nore Neset på klassequizen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.